Alexander Eik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Alexander Eik (fødd 8. januar 1972) er ein norsk filmregissør og skodespelar frå Oslo.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Alexander Eik debuterte med kortfilmen Første akt i 2000, der han sjølv hadde regi og manus. Kortfilmen vann Amandaprisen 2001 for beste kortfilm. Han fylgte opp med kortfilmen Skoletrøtt i 2001, og hadde ei rolle som skodespelar i kortfilmen Dublin i regn same året.

Den fyrste langfilmen han regisserte, vart Kvinnen i mitt liv frå 2003, med Thomas Giertsen og Ane Dahl Torp i hovudrollene. Etter dette har han hatt suksess med regien av tre Varg Veum-filmar: Kvinnen i kjøleskapet (2008), Begravde hunder (2008) og I mørket er alle ulver grå (2011). Alexander Eik har også regissert reklamefilmar, samt musikkvideoar for kjende artistar som Morten Abel, Klovner i Kamp og Turboneger.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Regissør[endre | endre wikiteksten]

  • 2000: Første akt (Kortfilm)
  • 2001: Skoletrøtt (Kortfilm)
  • 2003: Kvinnen i mitt liv (Film)
  • 2006: Kalde føtter (Film)
  • 2008: Varg Veum - Kvinnen i kjøleskapet (Film)
  • 2008: Varg Veum - Begravde hunder (Film)
  • 2008: Nattsøsteren (Fjernsynsserie)
  • 2010: Orkestergraven (Miniserie)
  • 2011: Varg Veum - I mørket er alle ulver grå (Film)

Skodespelar[endre | endre wikiteksten]

  • 2001: Dublin i regn (Kortfilm)
  • 2003: Kvinnen i mitt liv (Film)
  • 2006: Kalde føtter (Film)
  • 2008: Varg Veum - Kvinnen i kjøleskapet (Film)
  • 2008: Varg Veum - Begravde hunder (Film)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]