Alexander Holst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexander Holst
Fødd26. februar 1752
Bærum kommune
Død1. august 1831 (79 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
BarnHans Holst
VervStortingsrepresentant for Nordlands amt 1818–1820
VervSorenskrivarHelgeland 1791–1829
Alle verv
Belsvåg går på Alstahaug, Nordnorges første bispegård, vart kjøpt av Holsts son Fredrik.
Johan Throne Holst var etterkommar av Alexander Holst

Alexander Holst (fødd 26. februar 1752 i Bærum, daud 1. august 1831Tjøtta) var ein norsk sorenskrivar, landeigar og stortingsmann.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Holst var son av «by- og raadstuskriver» Hans Holst og Ellen Gunetta Brochmann, og tilhøyrde ei slekt som stamma frå Thomas Rasmussen Holst, fut i Handeridt sokn ved Flensburg i Slesvig.[1][2] Han kom til Tjøtta som sorenskrivarfullmektig i 1776, og var fullmektig i 15 år før han vart sorenskriver på Helgeland i 1791.[3] Han hadde embetet som sorenskrivar til 1829, og budde på Offersøy i Tjøtta, del av dagens Alstahaug kommune.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Året etter at han kom nordover vart Holst gift med Anna Marie Bech, dotter av handelsmann Peder Kristian Bech i Vefsn. Han kjøpte garden Offersøy av ein av slektningane til kona si, og åtte jord på Offerauga til ei matrikkelskyld av 4 våg.[4] Han bygde eit nytt hus på garden, og hadde eit stort hushald. I 1801 budde det 30 menneske på garden, blant anna tre kontorbetjentar, sju drengar og 11 tenestejenter.[5]

Holst og sønene hans vart store landeigarar på Helgeland.[2] Han hadde kjøpt ein del eigedomar og arva noko av svigerfaren sin, og i 1807 kjøpte han Vefsnrydningene for 2020 rdl. etter svogeren sin Andreas Christian Bech.[6][7][8] Axel Coldevin skildrar dette som «et av de mest verdifulle godskompleks på Helgeland».[9] I 1818 vart Alexander Holst likna for 1000 rdl., noko som var ein av dei høgaste inntektene på Helgeland.[5] Holst forpakta òg ei tid Kongetienden på Helgeland.[5]

I krigsåra 1811–12 tok Holst og biskop Mathias Bonsak Krogh, prost Arnoldus Schytte og fleire i samarbeid med Det Kgl. Selskap for Norges Vel initiativ til lokale sokneselskap i Nordland som skulle avhjelpa krigsnøden ved å oppfordra til dyrking av hamp, kålrot og potet.[10] I 1817 gav Holst ei gåve til Universitetet på 1000 rdl.[5]

Holst vart vald til stortingsrepresentant for Nordlands amt i 1818. I 1815 var han andre vara til Stortinget.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lindstøl s. 398–399
  2. 2,0 2,1 Terje Bratberg. «Holst – En slekt som stammer fra Thomas Rasmussen Holst». Store norske leksikon. Henta 8. mars 2017. 
  3. Coldevin (1943) s. 120
  4. I Nordland og Troms blei matrikkelskyld målt i fisk
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Coldevin (1943) s. 151
  6. Coldevin (1943) s. 151–152
  7. I følgje Store norske leksikon-artikkelen om Rana- og Vefsngodset kjøpte Holst denne eiendommen allereie i 1781 av Isach Jørgen Coldevin.
  8. Terje Bratberg. «Rana- og Vefsngodset». Store norske leksikon. Henta 8. mars 2017. 
  9. Coldevin (1943) s. 152
  10. Coldevin (1966) s. 262