Alexander von Kotzebue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Alexander Kotzebue)
Hopp til navigering Hopp til søk
Alexander von Kotzebue
Taras Shevchenko painting 0073.jpg
Alexander von Kotzebue måla av Taras Sjevtsjenko
Fødenamn russisk skrift Александр Евстафиевич Коцебу, Aleksander Evstafijevitsj Kotzebu
Fødd 28. mai 1815 (juliansk)
Königsberg
Død

24. februar 1889
München

Sjanger historiemåleri
Yrke kunstmålar, lyrikar

Alexander Friedrich Wilhelm Franz von Kotzebue (fødd 9. juni 1815 i Königsberg, død 24. august 1889 i München) var ein tysk-russisk slag- og historiemålar frå romantikken.

Han var son av forfattaren August von Kotzebue. Etter at faren døydde i 1819 vart han utdanna i kadettkorpset i St. Petersburg og og vart i 1834 løytnant i garden. Etter fire år forlet han derimot militæret og starta som student på kunstakademiet i St. Petersburg. Der var han i seks år før han reiste til Paris i 1846 og i 1848 reisten han på tur til Belgia, Holland, Italia og Tyskland før han til slutt slo seg ned i München.

Kotzebue var russiske professor og æresmedlem av München-akademiet.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Det første måleriet hans, Erobringen av Warszawa, vart målt i 1844 i St. Petersburg. Sidan då måla han mange russiske slag i sjuårskrigen og frå felttoga til Suvorov i store måleri for tsaren av Russland. Av dei viktigaste verka hans finn ein Storminga av Warschaus, Slaget ved Poltava, Storminga av Narva, Kryssinga av Djevelbrua, og Grunnlegginga av St. Petersburg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alexander von Kotzebue