Alexander Røsler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alexander Røsler
Fødd10. november 1947
Død20. juli 2021 (73 år)
Verka somfotograf

Alexander Røsler (194720. juli 2021)[1] var ein norsk dokumentarfilmregissør, fotograf og sosialantropolog.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Alexander Røsler vart fødd i ein jødisk familie i Dachau i Bayern i 1947, og kom til Noreg med familien sin som flyktningar i 1952.[1] Før han starta som filmregissør, tok han mag. art i sosialantropologi. Då han reiste på feltarbeid til Amazonas i Peru, der han laga sin fyrste dokumentarfilm. Seinare har han jobba med UNICEF i Latin-Amerika og medverka på fleire dokumentarfilmar. Han regisserte og produserte filmar sjølv også, ofte dokumentarfilmar for organisasjonar som NORAD, Amnesty International og NRK.

Røsler sine mange dokumentarfilmar har vorte spelte på mange filmfestivalar. Han har også gjort karriere som fotograf, og har hatt fleire separatutstillingar. Han var dessutan kortfilmsjef for Norsk Film i to år.

I 1985 gav Røsler ut kortfilmen Sommerjubel, basert på ein roman av Rune Belsvik. I 1987 regisserte han langfilmen Trollsteinen. Kortfilmen Gutta kom i 1988, og Life Is Hard and Then You Die i 1989.

I 1991 vann Alexander Røsler Amandaprisen i klassen Beste dokumentarfilm for Svett glamour. I høve Vinter-OL 1994 vart Røsler brukt av NRK som dokumentarfilmregissør på Lillehammer. Filmen han kanskje har vorte mest kjend for er likevel Mendel frå 1997. Filmen handlar om ein jødisk familie som flyktar til Noreg tidleg på 1950-talet, og har såleis sjølvbiografiske trekk.[1]

Røsler var busett på Lillehammer der han var professor ved Høgskolen i Lillehammer.[2] Han var far til skodespelaren Benjamin Lønne Røsler.

Filmografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Sommerjubel (1985), kortfilm
  • Trollsteinen (1987)
  • Gutta (1988), kortfilm
  • Life Is Hard and Then You Die (1988), kortfilm
  • Svett glamour (1991), dokumentar
  • Mendel (1996)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Holst, Jan Erik (25. juli 2021), «Alexander Røsler 1947-2021», Rushprint (på norsk bokmål), henta 26. juli 2021 
  2. Hege Michelsen, Brynjulf Handgaard, Jo Sondre Moseng: Alexander Røsler (1947-2021) - Minneord i Klassekampen 30. juli 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]