Alexander Stubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Alexander Stubb
Stubb 4682.jpg
Regjeringstid29. mai 2015–22. juni 2016
PartiSamlingspartiet
Fødd1. april 1968
FødestadHelsingfors
FarGöran Stubb
EktefelleSuzanne Innes-Stubb

Cai-Göran Alexander Stubb (fødd 1. april 1968 i Helsingfors) er ein finsk liberalkonservativ politikar. Han var leiar for Samlingspartiet 2014–2016 og Finlands statsminister i ei fempartiregjering 2014–2015.

Før den politiske karrièra si var han høgtståande EU-tenestemann. Han var medlem av Europaparlamentet 2004–2008 og Finlands utanriksminister 2008–2011, minister for EU-spørsmål og utenrikshandel 2011–2014 og finansminister 2015–2016. Sidan 2011 har han vore vald til Finlands riksdag frå Nyland.

Stubb er tospråkleg og tilhøyrer den svenskspråklige minoriteten i Finland. I 2014 vart han valt til ny leiar i Samlingspartiet etter Jyrki Katainen, og overtok eit par veker etterpå som statsminister. Stubb vart Finlands første finlandssvenske statsminister etter Karl-August Fagerholm, 55 år tidlegare.[1][2]

På det utanrikspolitiske feltet har han uttalt seg kritisk til den finske nøytralitetspolitikken som vart skapt under den kalde krigen. Stubb er internasjonalist[3] og uttalt tilhengar av finsk NATO-medlemskap. Samlingspartiet har ikkje programfesta eit slikt standpunkt, som vert vurdert som kontroversielt i finsk politikk.[4][5] Stubb støttar òg militært samarbeid i EU.[6][7]

Familie, utdanning og yrkesliv[endre | endre wikiteksten]

Stubb vart fødd i Helsingfors og voks opp i ei leilegheit i bydelen Munksnäs. Han er son av idrettsleiaren Göran Stubb, ein kjend figur frå finsk ishockey. Foreldra stammar frå Esse i Österbotten og Vyborg i Karelen. Alexander Stubb tilhøyrer den svenskspråklige minoriteten i Finland.

Stubb lauper under triatlon i Frankfurt am Main i 2009.

Etter skulegang i Helsingfors var han utvekslingselev ved Mainland Highschool i Daytona Beach i Florida i 1986. Han har studiekompetanse frå det svenskspråklege Gymnasiet Lärkan i Helsingfors frå 1988.[8] Han har ei sterk interesse for idrett, og konkurrerer jamleg i maraton og triatlon.[7] Etter å ha avtent verneplikta som korporal, mottok han eit stipend for golftrening og studium i USA.[8][7]

Han tok bachelorgrad i statsvitskap ved Furman University i Sør-Carolina i 1993, hvoretter han studerte fransk ved Université Panthéon-Sorbonne i Paris 1993–1994 og til mastergrad i statsvitskap ved Europa-colleget i Brugge 1994–1995. Stubb tok doktorgrad i internasjonal politikk ved London School of Economics i 1999 med ei avhandling om EU-spørsmål.[8]

I slutten av 1990-åra var han tilsett ved det finske Utenriksdepartementet og Det finske vitskapsakademiet. Han arbeidde ved Finlands representasjon til EU i Brussel 1999–2001, og var medlem av Finlands delegasjon til forhandlingane om Nice-traktaten. I løpet av Finlands formannskap i EU i 1999 fungerte Stubb som assistent for ambassadør Antti Satulis. Stubb var gjesteprofessor ved Europa-colleget i Brugge 2000–2007. Etter at Nice-traktaten vart signert i 2001, vart Stubb rådgjevar for dåverande president Romano Prodi i Europakommisjonen. I 2003 vende han attende til Finlands representasjon til EU som spesialrådgiver og medlem av delegasjonen til forhandlingane om EUs grunnlov.[8]

Stubb har skrive fleire vitskaplege artiklar og ni bøkar om EU-spørsmål. Han er ein flittig brukt spaltist i finske aviser og magasin. Ei samling magasinspalter vart utgjeven i bokform på finsk og engelsk i 2009.

Alexander Stubb er gift med den britiskfødde advokaten Suzanne Innes-Stubb, som arbeider for det internasjonale advokatfirmaet White & Case LLP i Brussel. Paret har to barn saman. Familien er busett i Hagalund i Esbo, og har tidlegare vore busett i Rixensart utanfor Brussel.[9]

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Stubb møter journalistar under Møtet til det europeiske folkeparti i Brussel i juli 2014.
Foto: Det europeiske folkeparti
Stubb i samtale med Hillary Clinton under NATO-møte i 2009.
Foto: Estlands utenriksdepartement
Utanriksministrane Stubb og Carl Bildt i 2010.
Foto: Magnus Fröderberg/norden.org

Stubb vart raskt kjend i finsk politikk, i det han har profilert sin eigen person i større grad enn kva som har vore vanleg.[1] Han er spesielt populær blant unge veljarar i byane.[10]

Han stilte som kandidat til Europaparlamentet for det finske Samlingspartiet i 2004, og vart valt med 115 225 personstemmar.[11] Stubb knytte seg til gruppa det europeiske folkepartiet, og sat i komiteane for budsjettkontroll og konstitusjonelle spørsmål. Han var viseformann i komiteen for EUs indre marknad og forbrukarvern 2007–2008.[12] I 2006 skrev han ein rapport til parlamentet om EUs utgifter til omsetjings- og tolketenester, som han anslo til 511 millionar euro i 2005. Han foreslo nokre endringar, men støtta EUs standpunkt om fleirspråklegheit.[13]

I april 2008 vart Stubb utnemnt til finsk utanriksminister, og tredde ut av Europaparlamentet, der tidlegare miljøvernminister Sirpa Pietikäinen tok plassen hans. Som utanriksminister etablerte han eit tett tilhøve til blant andre den norske utanriksministeren Jonas Gahr Støre.[14][15] Stubb skjøtta formannskapet i OSSE frå april til desember 2008.[16] I denne perioden gjekk krigen i Sør-Ossetia føre seg. OSSE forhandla fram ei avtale om å senda militære observatørar til området. På dette tidspunktet skal Stubb ha uttalt seg positivt om finsk NATO-medlemskap overfor USA, medan statsminister Matti Vanhanen uttalte at krigen måtte medføra eit tettare samkvem med Russland.[17][18]

I 2011 vart Stubb for første gong valt til Riksdagen. I juni same år vart Mari Kiviniemi frå Senterpartiet avløyst av Jyrki Katainen frå Samlingspartiet som statsminister, og Stubb gjekk frå utanriksministerposten til å verta minister for EU-spørsmål og utenrikshandel. Under krisen på Krim i 2014 var Stubb tilbakehalden med sanksjonar overfor Russland, noko han meinte ville ramma Finlands økonomi hardt.[19] Stubb framheldt at økonomisk samkvem burde brukast som eit positivt middel i eit mellomstatleg tilhøve.[20][21]

Kort tid før Stubb vart vald til leiar i Samlingspartiet, uttalte eit sendebod frå Kreml seg sterkt kritisk om politiske krefter som arbeidde for eit finsk NATO-medlemskap.[22] Leiarvala i finske parti er opne prosessar, og Stubb vann over helse- og sosialminister Paula Risikko og næringminister Jan Vapaavuori med klår margin i første og andre valomgang. Katainens regjering heldt fram som forretningsministerium så lenge Stubb leidd regjeringsforhandlingane med dei andre partia.[23]

Riksdagen røysta over ny regjering 23. juni 2014 og Stubb vann med 98 mot 76 stemmar. President Sauli Niinistö utnemnde dagen etter ny regjering med Stubb som statsminister.[24]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Elster, Kristian (14. juni 2014). «Blir første finlandssvenske statsminister på 55 år» (norsk). NRK. Henta 15. juni 2014. 
  2. NTB-FNB-Reuters (5. april 2014). «Finlands statsminister går av i juni» (norsk). NRK. Henta 15. juni 2014. 
  3. Claussen, Mona W. (21. juni 2014). «Glem finsk gravalvor, her er Alexander Stubb». Aftenposten (norsk). Henta 25. juni 2014. 
  4. Rosendahl, Jussi og Suoninen, Sakari (14. juni 2014). «Stubb to be Finland's next PM, backs NATO membership». Chicago Tribune (engelsk). Henta 16. juni 2014. 
  5. «Public Opinion, Journalism and the Question of Finland’s Membership of NATO». Nordicom Review (2): 81–92. 
  6. Blitz, James (14. november 2010). «Finns urge EU to focus on own defence». Financial Times (engelsk). Henta 16. juni 2014. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «Just who is Prime Minister-designate Alexander Stubb?» (engelsk). Yle Uutiset. 14. juni 2014. Henta 15. juni 2014. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 «Alexander Stubb / National Coalition Party» (engelsk). Parliament of Finland. Arkivert frå originalen 2014-07-14. Henta 15. juni 2014. 
  9. «MEP Alexander Stubb to replace Ilkka Kanerva as Foreign Minister». Helsingin Sanomat (engelsk). 1. april 2008. Arkivert frå originalen 2008-04-06. Henta 15. juni 2014. 
  10. AFP (15. juni 2014). «Alexander Stubb wins ruling party vote to become Finland's PM» (engelsk). Yahoo!7. Henta 16. juni 2014. 
  11. «The Smile». European Voice (26). 14. juli 2005. 
  12. «Alexander Stubb» (engelsk). European Parliament. Henta 15. juni 2014. 
  13. «More awareness on translation costs. Alexander Stubb MEP» (engelsk). EPP Group in the European Parliament. Arkivert frå originalen 2014-06-15. Henta 15. juni 2014. 
  14. Elster, Kristian (14. juni 2014). «Blir første finlandssvenske statsminister på 55 år» (norsk). NRK. Henta 15. juni 2014. 
  15. NTB-FNB-Reuters (5. april 2014). «Finlands statsminister går av i juni» (norsk). NRK. Henta 15. juni 2014. 
  16. «New Finnish Foreign Minister and OSCE Chairman to address OCSE Permanent Council» (engelsk). Ministry of Foreign Affairs of Finland. 8. april 2008. Henta 16. juni 2014. [daud lenkje]
  17. «National Coalition Party promised Finland would join NATO». Helsingin Sanomat (engelsk). 2011. Arkivert frå originalen 2014-06-19. Henta 16. juni 2014. 
  18. Mangasarian, Leon og Pohjanpalo, Kati (9. oktober 2009). «Deeper Russia Ties Is Georgia War Lesson, Finnish Premier Says» (engelsk). Bloomberg. Arkivert frå originalen 2014-04-19. Henta 16. juni 2014. 
  19. Kähkönen, Virve og Teivainen, Aleksi (14. mai 2014). «Finland reluctant to adopt additional sanctions against Russia». Helsinki Times (engelsk). Henta 16. juni 2014. 
  20. «Stubb: Russia’s economic dip could pose risk for Finland» (engelsk). Yle Uutiset. 31. mars 2014. Henta 16. juni 2014. 
  21. Raeste, Juha-Pekka (15. mars 2014). «Stubb varoittaa talouspakotteiden kierteestä – "Raha on maailman paras rauhanvälittäjä"». Helsingin Sanomat (engelsk). Henta 16. juni 2014. 
  22. Laurén, Anna-Lena (8. juni 2014). «Vill ni vara med och starta ett tredje världskrig?». Hufvudstadsbladet (svensk). Arkivert frå originalen 2014-06-15. Henta 16. juni 2014. 
  23. Gustafsson, Lars (14. juni 2014). «Alexander Stubb blir ny statsminister» (svensk). Yle. Henta 16. juni 2014. 
  24. «Finland fick ny regering» (svensk). Yle. 24. juni 2014. Henta 31. oktober 2016.