Alexander av Vangelis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alexander
Filmmusikkalbum av Vangelis
Utgjeve 2004
Innspelt 2003-2004 [1]
Sjanger Filmmusikk
Lengd 56:00
Selskap Sony Classical
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi
Odyssey: The Definitive Collection
(2003)
Alexander Blade Runner Trilogy, 25th Anniversary
(2007)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Filmtracks5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]

Alexander er eit filmmusikkalbum for filmen med same namn frå 2004 av den greske musikaren Vangelis.

Filmen, regissert av Oliver Stone, handlar om livet til Aleksander den store i ein epis stil, som musikken òg syner. Aleksander den store var ein makedonar som spreidde gresk kultur mer erobringane sine på 300-talet fvt. Vangelis, som sjølv er grekar, var alt kjend for filmmusikken til filmar som Chariots of Fire, Blade Runner og Conquest of Paradise.

«Eg prøvde å tenke emg korleis det var å leve på den tida, å vere der. Samstundes må eg snakke musikkspråket som er forståeleg i dag, fordi med prøver å nå tusenvis, millionvis av menneske.» - Vangelis i dokumentaren Vangelis Scores Alexander [4]

I motsetnad til den vanlege prosessen, der musikken vart laga etter filmen var filma og redigert, starta Vangelis å skrive musikk med ein gong, særleg for scenen med den koreograferte «Bagoas' Dance» dansa av Francisco Bosch. Ein dokumentar regissert av Suzanne Gielgud kalla Dancing For Oliver, tok eit djupare blikk på korleis denne scenen vart skapt, inkludert intervju med Vangelis.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk komponert av Vangelis.

# Tittel Lengd
1. «Introduction»   1:32
2. «Young Alexander»   1:36
3. «Titans»   3:59
4. «The Drums of Gaugamela»   5:20
5. «One Morning at Pella»   2:11
6. «Roxane's Dance»   3:25
7. «Eastern Path»   2:58
8. «Gardens of Delight»   5:24
9. «Roxane's Veil»   4:40
10. «Bagoas' Dance»   2:29
11. «The Charge»   1:41
12. «Preparation»   1:42
13. «Across the Mountains»   4:12
14. «Chant»   1:38
15. «Immortality»   3:18
16. «Dream of Babylon»   2:41
17. «Eternal Alexander»   4:37
18. «Tender Memories»   2:59

Albumet fekk tre forskjellige plateomslag. Somme stader vart han gjeven ut med eit bonusspor (ikkje nytta i filmen), kalla «Bizarre Bazaar».[6]

Vangelis komponerte, arrangerte, produserte og framførte musikken, i lag med dirigenten og orkestratoren Nic Raine, fiolinistane Vanessa-Mae og Dominique Lemonnier, harpisten Maria Bildea, the Epris Polyphonic Ensemble, tenoren Konstantinos Paliatsaras og songaren Irina Valentinovna Karpoutsjina.

To av spora på albumet, «Roxane's Veil» og «Tender Memories», høyres annleis ut enn filmversjonen, som som Vangelis hadde halde fram å arbeide med dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Goldwasser, Dan. «Vangelis interview to SoundtrackNet». Soundtrack.net. Henta 9. september 2014. 
  2. «Allmusic review». 
  3. «Alexander (Vangelis)». Filmtracks. November 9, 2004. Henta 9. september 2014. 
  4. Vangelis Scores Alexander, ein dokumentar tilgjengeleg på den offisielle nettsida til albumet
  5. «Constellation Change Film Festival». Constellation-change.co.uk. Henta 9. september 2014. 
  6. «Dennis Lodewijks' Elsewhere». Elsew.com. July 15, 2011. Henta 9. september 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]