Alexandra Andresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexandra Andresen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. juli 1996 (27 år)
Oslo
Yrke dressurrytter
Formue 1 230 000 000 US-dollar
Far Johan H. Andresen jr.
Partnar Colin Thompson

Alexandra Gamlemshaug Andresen (fødd 23. juli 1996) er ein norsk dressurryttar og milliardærarving.[1]

Andresen vart den yngste dollarmilliardæren i verda i ein alder av 19 år i 2016,[2] og trona øvst på Forbes-lista som yngste milliardær tre år på rad.[3] Andresen var per 2022 den nest yngste milliardæren på Forbes-lista med ein nettoformue på estimert 11,2 milliardar NOK.[4]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Andresen er dotter av den norske industri- og finansmannen Johan H. Andresen jr., eigar av firmaet Ferd, som i 2007 overførte eigardelar på 42,2 % kvar til døtrene Alexandra og Katharina. Han har vore tydeleg på at døtrene ikkje treng å ta del i familiebedrifta om dei ikkje ønskjer.[5][6]

Familien Andresen er kjend for den langvarige eigarskapen sin i det tidlegare firmaet Tiedemanns Tobakksfabrikk, før det vart selt i 2005.[7]

Andresen er oldebarn til Johan H. Andresen, tippoldebarn til Johan Henrik Andresen og Anton Klaveness, og tipptippoldebarn til Nicolai Andresen. Johan Henrik var bror til Nicolay August Andresen, og onkel til Nils August Andresen Butenschøn.[8]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Andresen har vunne fleire prisar og utmerkingar i dressurriding, og har modellert fleire gongar for ridekledeselskapet KingsLand.[9]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Andresen har vore trulova med den amerikanske møbelgründeren og racerbilsjåføren Colin Thompson sidan januar 2023.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Andresen». Store norske leksikon (på norsk). 12. januar 2023. Henta 19. februar 2023. «Dennes sønn var fabrikkeier Johan Henrik Andresen (1930–2011), som igjen var far til finansmannen og investoren Johan Henrik Andresen (født 1961), som eide Tiedemanns tobakksfabrikk til 2008.» 
  2. Jedeur-Palmgren, Max (1. mars 2016). «The Youngest Billionaire In The World Is A Norwegian Teenager». Forbes (på engelsk). Henta 2. april 2019. 
  3. Chaykowski, Kathleen (5. mars 2019). «The World’s Youngest Billionaires In 2019: Meet The 71 Under Age 40». Forbes (på engelsk). Henta 2. april 2019. 
  4. Horton, Cole (5. april 2022). «The World’s Youngest Billionaires 2022: 12 Under Age 30». Forbes (på engelsk). Henta 8. mars 2023. 
  5. «The 19-year-old who is now the world's youngest billionaire». The Independent (på engelsk). 2. mars 2016. Arkivert frå originalen 2. mars 2016. Henta 3. mars 2016. 
  6. «Alexandra Andresen». Forbes (på engelsk). Henta 7. mars 2018. 
  7. «Andresen». Store norske leksikon (på norsk). 12. januar 2023. Henta 6. mars 2023. 
  8. «Instagram». Instagram. 9. september 2016. Arkivert frå originalen 24. mars 2017. Henta 2. mars 2017. 
  9. Huddleston Jr., Tom (22. august 2019). «These sisters were the world's youngest billionaires before Kylie Jenner—but they still drove second-hand cars». CNBC (på engelsk). Henta 9. april 2020. 
  10. Ogre, Mathias (29. januar 2023). «Milliardærarving forlovet». E24 (på norsk). Henta 7. mars 2023. «Møbel-gründer og racerbilsjåfør Colin Thompson (28) fikk ja fra den norske Ferd-arvingen Alexandra Andresen (26).» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Alexandra Andresen