Alexandra Beverfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexandra Beverfjord

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. juni 1977 (46 år)
Trondheim
Yrke journalist, skribent, redaktør
Alexandra Beverfjord på Commons

Alexandra Haugland Beverfjord (fødd 2. juni 1977) er ein norsk redaktør, journalist og forfattar. Ho vart ansvarleg redaktør og administrerande direktør i Dagbladet i april 2018.[1]

Journalisme[endre | endre wikiteksten]

Beverfjord starta journalistkarrieren i Adresseavisa i Trondheim der ho jobba meir eller mindre samanhengande frå 1996 til 2001. I 2001 vart ho tilsett i Dagbladet.[1] Beverfjord er utdanna innan sosialantropologi, med mastergrad frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i 2002 på ei oppgåve om rehabilitering av unge rusmisbrukarar.[2] Ho vart utgåvesjef for Dagbladet Magasinet i 2005, og var nyheitsredaktør i Dagbladet 2010 til 2013.[1]

1. oktober 2013 vart ho reportasjeredaktør i NRK Nyheiter, og var ein av fire redaktørar som leia nyheitsdivisjonen i rikskringkastinga. I oktober 2015 overtok ho som nyheitsdirektør i NRK Nyheiter etter Per Arne Kalbakk.[3]

Forfattar[endre | endre wikiteksten]

Alexandra Beverfjord er forfattar ved sida av journalist- og redaktørgjerninga. Ho debuterte med romanen Kretsen, der handlinga var lagt til eit journalistmiljø i hovudstaden. I 2011 vart ho tildelt «Maurits Hansen-prisen - Nytt Blod» for debutromanen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 NRK (30. april 2018). «Beverfjord blir Dagbladets nye sjefredaktør». NRK (på norsk bokmål). 
  2. Alexandra Beverfjord: En underverden : unge rusmisbrukere i rehabilitering Hovedoppgave i sosialantropologi – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, 2002
  3. «Alexandra Beverfjord blir nyhetsdirektør i NRK». Henta 30. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]