Alexi Murdoch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexi Murdoch

Fødd27. desember 1973 (50 år)
FødestadLondon
OpphavStorbritannia
Aktiv2002–
Sjangeralternativ rock, akustisk musikk, indiefolk, country
Instrumentvokal
PlateselskapCity Slang
Verka somsongar-låtskrivar, songar
MorLouise Cordet

Alexi Murdoch (fødd 27. desember 1973) er ein britisk musikar, låtskrivar og visesongar.

Murdoch er fødd i London, men har vakse opp i både Hellas, Skottland og Frankrike og bur for tida i Berlin. Faren er gresk og mora er skotsk-fransk.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Murdoch flytte til USA i 1992 for å studera, og talentet hans blei oppdaga då ein DJ i Los Angeles starta å spela songane hans på lokalradio. Musikkindustrien synte stor interesse, men Murdoch skal ikkje ha brydd seg om dette.

Han platedebuterte med EP-en Four Songs i 2002, med over 50 000 selde eksemplar. Den fyrste fulle plata hans kom ut i 2006 og fekk namnet Time Without Consequence. Oppfylgjaren Towards the Sun kom i 2011.

Ein av dei «fire songane» frå debut-EPen heitte «Orange Sky». Den vart den mest spelte songen på ein lokalradio i Philadelphia i 2004. Seinare har denne songen vorte brukt til mange store USA-amerikanske fjernsynsseriar, som House, The O. C., Prison Break, Ugly Betty, Dirty Sexy Money, Ladder 49 og så bortetter. Fleire av songane hans har også vorte brukt i populære fjernsynsseriar og filmar, som Grey's Anatomy, Scrubs, Brothers & Sisters og One Tree Hill.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]