Alexis Pinturault

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alexis Pinturault

Alexis Pinturault (fødd 20. mars 1991) er ein fransk skirennar frå Moûtiers. Han har sidan 2014 vore ein av dei aller beste alpine sikrennarane i verda, med storslalåm som spesialøving. Pinturault vann gullmedaljen i kombinasjonen under Verdsmeisterskapen 2019 i Åre, to år tidlegare vann han VM-gull med Frankrike i lagøvinga. Tre gongar har han vunne bronsen i storslalåmøvinga; Vinter-OL 2014, VM 2015 og VM 2019. Under vinterleikane 2018 sikra han seg sølvmedaljen i kombinasjonen. I verdscupen i alpine greiner vart Pinturault andremann i 2019 og 2020, tidlegare enda han på tredjeplassen i turneringa både i 2014, 2015 og 2016.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]