Alf Ertsland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alf Ertsland
Fødd 4. mai 1946
Yrke teiknar, kunstmålar

Alf Ersland (fødd 4. mai 1946) er ein norsk biletkunstnar som særleg er kjend for dei abstrakte oljemåleria sine. Elles arbeider han med teikning, grafikk og foto. Han er fødd i Hamre kommune og oppvaksen på Sunde i Sunnhordland. Han er busett på Ekely i Oslo.

Ertsland utdanna seg ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og Statens Kunstakademi. Han debuterte på Haustutstillinga i 1972, og har vore representert der dei fleste år seinare. Elles har han hatt ei rekkje separatutstillingar og har delteke på kollektiv- og gruppeutstillingar. Han er mellom anna innkjøpt av Riksgalleriet, Nasjonalgalleriet, H.K.H. Dronning Sonja og Nordisk kunstsenter, Helsingfors.

Han arbeidde som 1. amanuensis ved Statens håndverks- og kunstindustriskole 1981-1996.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Alf Ertsland si heimeside.