Alf Gunnestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alf Gunnestad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mai 1904
Våle kommune
Død

15. august 1987 (83 år)
Bekkestua

Yrke flygar

Alf Gunnestad (fødd 17. mai 1904 i Våle, daud 15. august 1987Bekkestua) var ein norsk flypioner og seinare distriktsjef for flykontrollen på Austlandet (Fornebu)

Gunnestad vart utdanna til flygar ved Hærens Flyveskole på Kjeller i 1925, og fekk trafikkflygarsertifikat i 1927.[1] Han flaug seinare nattpostruta til København. Han deltok som flygar under Thorshavnekpedisjonen til Lars Christensen i 1933/34. Gunnestadbreen i Dronning Maud Land er oppkalla etter han.

Under andre verdskrigen var han aktiv i Heimefronten og rømde i februar 1945 til Sverige. Han jobba der for norske politityrkar og vart leiar for den norske forlegginga Ulvsunda.[2] Etter krigen var han tilsett i Luftfartsdirektoratet som distriktssjef.

Gunnestad var aktiv i luftsportsverksemda. Han fekk Norsk Aero Klubbs heidersteikn i 1969 og verka som frivillig instruktør for ungdom som ynskte å ta flysertifikat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Flyvningen - det moderne eventyr. Jon Tvedte, 1958, side 274
  2. Alf Gunnestad - Flypioner. Rob J. M. Mulder, 2017, side 88-92

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]