Alf Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alf Hansen

Alf Hansen i 1978
Foto: Verhoeff, Bert / Anefo
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. juli 1948 (75 år)
Oslo
Idrett roing, langrenn
Tok del i

rowing at the 1972 Summer Olympics – men's coxed four, rowing at the 1976 Summer Olympics – men's double sculls, rowing at the 1984 Summer Olympics – men's double sculls, rowing at the 1988 Summer Olympics – men's quadruple sculls

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje, Fearnleys olympiske ærespris, Thomas Keller-medaljen

Alf John Hansen (fødd 13. juli 1948) er ein norsk tidlegare roar og olympisk meister frå Tøyen i Oslo. Han rodde ofte saman med storebroren Frank Hansen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1975 vart brørne Hansen for fyrste gong verdsmeistrar i dobbeltsculler, og vann for dette Morgenbladets gullmedalje. Brørne deltok i Sommar-OL 1976 i Montreal og tok gull i dobbeltsculler; den einaste gullmedaljen Noreg fekk i leikane dette året. For denne sigeren vann dei Fearnleys olympiske ærespris same året. Også i åra 1978 og 1979 vart brørne verdsmeistrar.

Då Noreg i 1980 boikotta Sommar-OL 1980 i Moskva, la Frank Hansen opp som profesjonell roar. Alf Hansen heldt fram, og Rolf Thorsen vart heretter den nye makkeren hans. Hansen og Thorsen tok VM-gull i 1982, og sylv året etter. Alf Hansen var norsk flaggberar under sommar-OL 1984 i Los Angeles, men fekk ingen medaljar under desse leikane. Han deltok også i sommar-OL 1988 i Seoul der han tok olympisk sylv i dobbeltfirar saman med Rolf Thorsen, Vetle Vinje og Lars Bjønness. Hansen var no førti år gamal, og dette vart hans siste olympiske medalje. Under VM i 1990 i Tasmania vart Alf Hansen den fyrste til å vinna roarmedaljen Thomas Keller Medal. Alf Hansen avslutta roarkarrieren i VM i 1991 med ein femteplass i dobbeltfirar, 43 år gamal. Til saman har Alf Hansen 9 VM-medaljar og 58 NM-gull.

Alf Hansen var også ein dyktig skiløpar, og har delteke i 5-mila i Holmenkollen, Birkebeinerrennet og Birkebeinerrittet.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]