Alf Hartmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om journalisten. For kunstmålaren, sjå Alf Gabriel Hartmann.
Alf Hartmann

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. september 1915
Asker
Død

21. mars 2004 (88 år)
Oslo

Yrke journalist

Alf Hartmann (25. september 191521. mars 2004) var ein norsk journalist og tekstforfattar frå Hvalstad i Asker, cand.philol. frå 1941. Han er kjend under pseudonymet Scorpio som han brukte i over ti tusen petitartiklar for Verdens Gang i løpet av karrieren.

Alf Hartmann skreiv revytekstar sidan 1930, og fekk prøva seg som revyskodespelar fyrste gongen i Asker i 1932 på lokalet Venskaben. I 1934 sette han opp sin fyrste lokalrevy på Venskaben sjølv, der Arvid Nilssen debuterte som skodespelar.[1] Seinare skreiv Hartmann for Jens Book-Jenssen, Lalla Carlsen, Per Aabel og Leif Juster, artistar ved Chat Noir og Edderkoppen. Alf Hartmann har òg omsett europeiske dramastykke til norsk og omarbeidd manus.[2]

Bortsett frå nokre sesongar i Morgenbladet 1950-52 i London, og Dagbladet 1952-56 i Paris, blei han i VG frå 1945. I 1960 skreiv han for VG då han kritiserte rivinga av kunstnarbustaden til Edvard Munch på Ekely. Då skreiv han: «Bord for bord rives det opp med kubein og øks. (...) Planke for planke løsner. Men vi har den idiotiske tanke at vi kan få litt ut av å besøke kjente menns faste oppholdssteder på jorden.»[3] I 1964 gav han ut boka Nei--nå for tiden!

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar