Hopp til innhald

Alf Ivar Samuelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alf Ivar Samuelsen
Fødd28. februar 1942
Flakstad
Død16. september 2014 (72 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Nordland
Alle verv
  • stortingsrepresentant (20052009)
  • fylkesordførar i Nordland (19951999)
  • vararepresentant til Stortinget (19931997) Sjå dette på Wikidata

Alf Ivar Samuelsen (28. februar 194216. september 2014) var ein norsk politikar for Senterpartiet frå Flakstad i Nordland. Han vart innvald på Stortinget frå Nordland i 2005. Han var vararepresentant i perioden 19931997.

Samuelsen var ordførar i Flakstad i perioden 19861987 og fylkesordførar i Nordland 1995-1999. Frå 1999 til 2003 sat han i fylkesrådet for samferdsle. Han pensjonerte seg i 2009. Alf Ivar Samuelsen omkom i ei traktorulykke heime på Fredvang i Flakstad den 16. september 2014, 72 år gamal.[1]

Stortingskomitéar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Lysvold, Susanne Skjåstad (16. september 2014), «Tidligere stortingspolitiker omkom i traktorulykke», NRK (på norsk bokmål), henta 25. august 2025

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]