Alf Løvberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alf Løvberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. september 1899
Christiania
Død

17. oktober 1986 (87 år)
Son

Yrke kunstmålar
Språk norsk

Alf Gunnar Løvberg (19. september 189917. oktober 1986) var ein norsk målar frå Oslo.

Løvberg, som var son til ein orkestermusikar, var elev av Christian Krohg og Halfdan StrømStatens Kunstakademi i Oslo. Seinare gjekk han i lære hos Aksel Jørgensen i København og Marcel Gromaire i Paris.

Måleria til Løvberg er prega av store, strenge og enkle figurar og ofte einstonige fargar, særleg i grått og grønt. Bileta viser sterk påverknad frå dansk målarkunst, til dømes Vårkveld, eit verk frå 1946 i Nasjonalgalleriet i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]