Alf Wiig
Alf Wiig | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. august 1891 Kristiansund kommune |
Død | |
Yrke | prest |
Verv | Biskop av Nord-Hålogaland |
Periode | 1952-1962 |
Føregangar | Wollert Krohn-Hansen |
Etterfylgjar | Monrad Norderval |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Ektefelle | Margarethe Wiig |
Alf Kristian Theodor Wiig (24. august 1891–10. juli 1974) var ein norsk biskop og ordførar.
Wiig var fødd i Kristiansund. Han tok teologisk embetseksamen i 1917 og var i åra etterpå knytt til KFUM i Bergen. Han gjorde teneste som sokneprest i Karasjok frå 1923 og Sortland frå 1934, og var òg prost i Hammerfest og Vesterålen. Han var òg ordførar i Karasjok (1932–34).
Etter krigen vart han fylkesprost i Finnmark (1945–1952) med spesielt ansvar for attreisning av kyrkja sine bygningar og eigedomar. I 1952 vart han først domprost i Tromsø, før han vart oppnemnd til den første biskopen i det nye Nord-Hålogaland bispedømme (1952-1962). Han var pådrivar for den første kvinnelege presten i landet Ingrid Bjerkås (1961). Han vart heidra med Petter Dass-medaljen i 1967. Han fekk òg St. Olavs orden.[1]
Wiig var gift med Margrethe Wiig (1903-2002), forfattaren av den første samiske ABC-boka.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Aftenposten morgen – Nekrolog (11. juli 1974, s.15)
- Denne artikkelen bygger på «Alf Wiig» frå Wikipedia på bokmål, den 31. august 2019.