Alfheim stadion
Hopp til navigering
Hopp til søk
Alfheim stadion | |||||
Adresse | Idrettsbygget, Stadionveien 3 9007 Tromsø | ||||
Eigar | Tromsø IL | ||||
Drift | Tromsø IL | ||||
Brukarar | Tromsø IL, IF Fløya (fotball) | ||||
Underlag | Kunstgras | ||||
Kapasitet | 6 859[1] | ||||
Arkitekt | Bjørn Bygg AS | ||||
Pris | 53,8 millionar | ||||
Historiske årstal | |||||
---|---|---|---|---|---|
|
Alfheim stadion er eit fotballstadion i Tromsø og heimebana til fotballaget Tromsø IL. Arenaen ligg på sjølve Tromsøya.
Fotballbana måler 110 x 70 meter, og var rekna som den største grasbana i Noreg. Det var òg innsydd kunstgras i sjølve grasmatta for å forsterke underlaget. I midten av 2006 blei det lagt kunstgras på heile Alfheim stadion.
På austsida av stadionet er det oppført eit nytt forretningsbygg som blant anna inneheld klubbhus, møterom og kurs- og konferanselokale. Publikumsrekorden er 10 225 frå ein kamp mot Rosenborg i 1990. Det er vurdert å bygge ut kortsidene på Alfheim, ettersom dei for augneblinken ligg under standarden i tilhøve til resten av anlegget.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Fakta Alfheim stadion». til.no. Tromsø IL. 16. april 2012. Henta 14. mai 2012.