Alfred Nobel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Alfred Bernhard Nobel)
Alfred Nobel

FøddAlfred Bernhard Nobel
21. oktober 1833
Stockholm, Jakob och Johannes församling
Død10. desember 1896
Sanremo
NasjonalitetSverige
Områdekjemikar, ingeniør, oppfinnar
Yrkekjemikar, industrieigar, velgjerar, fotograf, våpenprodusent, ingeniør
MedlemKungliga Vetenskapsakademien

Alfred Bernhard Nobel (21. oktober 183310. desember 1896) var ein svensk kjemikar, ingeniør, oppfinnar og filantrop, kjend for å ha utvikla dynamitt og oppretta Nobelprisen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Alfred Nobel var fødd i Stockholm som tredje son av Emmanuel Nobel (1801-1872). Familien budde i Stockholm til Alfred var 8 år gamal, og dei flytta til St. Petersburg der faren hadde starta ein maskinverkstad der det vart produsert torpedoar.

Alfred Nobel viste tidleg interesse for naturvitskap og språk, og hadde lett for å lære. Han skaffa seg omfattande kunnskapar om både naturvitskap og litteratur, men han tok aldri eksamen på noko universitet eller høgskole.

I 1863 flytta han attende til Sverige og byrja å arbeide som kjemikar ved faren sin verkstad i Helenborg. Han vidareutvikla sprengstoffet nitroglysering og starta industriell produksjon av dette i 1864. I 1867 fekk han patent på ein type sprengstoff han gav namnet dynamitt, etter å ha funne opp dette året før. Denne oppfinninga fekk stor innverknad på anleggsverksemd i mange land og la grunnlaget for Nobel sin store formue.

Som oppfinnar tok Alfred Nobel 355 patent.

Nobel døydde i Sanremo i Italia.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Nobel hadde også sterke sosiale interesser og ein draum om å gjere noko for menneske verda over. Han testamenterte det meste av formuen til eit fond der inntektene kvart år blir brukt til å dele ut Nobelprisen.

Grunnstoffet nobelium med atomnummer 102 er kalla opp etter Alfred Nobel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Alfred Nobel