Alfred Elis Törnebohm
| Alfred Elis Törnebohm | |
| Nasjonalitet | |
| Statsborgarskap | Sverige |
| Fødd | 16. oktober 1838 |
| Død | |
| Yrke | geolog |
| Kjend for | overskyving av Den kaledonske fjellkjeda |
| Språk | svensk |
| Medlem av | Kungliga Vetenskapsakademien |
| Alfred Elis Törnebohm på Commons | |
Alfred Elis Törnebohm (16. oktober 1838–21. april 1911) var ein svensk geolog. Han er mest kjend for studiet av overskyvinga av Den kaledonske fjellkjeda i Grunddragen af det centrala Skandinaviens bergbyggnad (1896), som er viktig for kjennskapen til geologien i Sør-Noreg.
Etter studiar ved Kungliga Tekniska högskolan (KTH) 1855-1858, arbeidde han ved Sveriges geologiska undersökning (SGU) 1859-1873, frå 1870 som leiar av selskapet. 1873-1874 studerte han petrografisk mikroskopi ved Universitetet i Leipzig under Ferdinand Zirkel. I 1874 slutta han i SGU for halde fram som privat geolog og i mange år gjorde han geologiske undersøkingar for forskjellige svenske selskap. Han underviste i geologi og mineralogi ved KTH frå 1878 og hadde ei stilling som forelesar her 1885-1897. Han kom attande til SGU som leiar i 1897, etter Otto Torell og fekk tittelen professor. Han vart verande her fram til 1906.
Törnebohm vart vald til medlem av Kungliga Vetenskapsakademin i 1876.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alfred Elis Törnebohm» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2010.