Alfred Gusenbauer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alfred Gusenbauer
Alfred Gusenbauer 26.10.2008.jpg
Fødd8. februar 1960 (61 år)
Sankt Pölten i Niederösterreich
Statsborgar avAusterrike
PartiSozialdemokratische Partei Österreichs
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Wien
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
VervForbundskanslar i Austerrike 11. januar 2007-2. desember 2008
FøregangarWolfgang Schüssel

Alfred Gusenbauer (fødd 8. februar 1960 i St. Pölten) er ein austerriksk politikar, og forbundskanslar i Austerrike sidan frå 2007 til 2008. Han var leiar av det sosialdemokratiske partiet i Austerrike, Sozialdemokratische Partei Österreichs (SPÖ) frå 2000 til 2008.

Gusenbauer studerte statsvitskap, filosofi og jus ved universitetet i Wien. Han oppnådde graden dr. phil. i 1987. Han har vore aktiv i SPÖ sidan 1981. I 2000 vart han leiar for partiet. Ved parlamentsvalet 20. oktober 2006 vart SPÖ det største partiet, med 35,3 % av røystene. Den konservative regjeringa gjekk av, og i staden danna Gusenbauer ny regjering i ein storkoalisjon med det konservative partiet (Österreichische Volkspartei - ÖVP).

I juli 2008 trekte ÖVP seg frå koalisjonsregjeringa, og det vart skrive ut nyval. Gusenbauer kunngjorde at han ikkje ville vera statsministerkandidat ved det nye valet, som vart halde 28. september. Han vart erstatta som partileiar av Werner Faymann i august.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.