Alfred Janson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred Janson
Fødd 10. mars 1937
Oslo
Død

19. mai 2019 (82 år)

Yrke komponist, pianist, jazzmusikar

Alfred Janson (fødd 10. mars 1937 i Oslo, død 19. mai 2019) var ein norsk komponist, pianist og trekkspelutøvar. Han voks opp på Tjølling i Vestfold der han budde med familien til han var åtte år gamal. Sidan han var 18 har familien hatt hus på Lahelle i Sandefjord. [1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Alfred Janson studerte komposisjon under Finn Mortensen og utdanna seg innan musikk både i Darmstadt og ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Han var mest oppteken av jazz i 1950-åra, men frå byrjinga av 60-åra tok han til å komponera meir klassiske verk. Eit vendepunkt var klaverkomposisjonen November 1962. I 1991 var han festspelkomponist ved Festspela i Bergen.

Han var ein politisk markert komponist i 1970-åra, då han m.a. laga ein komposisjon for å minnast det fascistiske kuppet i Chile. Han komponerte eit verk til Arne Treholt ved arrestasjonen hans, og Den Konservative Studenterforening demonstrerte utanfor ved urframføringa. [2] I godt vaksen alder tok Alfred Janson til å spela trekkspel att. "Trekkspel gjer folk lukkelege", seier han og kritiserer dei som meiner trekkspel er eit tarveleg instrument som ikkje er høgverdig nok. [3] På 70-årsdagen hans i 2007 vart det urframføring av det musikalske verket hans, En bibelhistorie. Verket vart utgjeve på plate i 2010, der sonen og skodespelaren Teodor Janson er forteljarstemma medan Oslo Sinfonietta spelar musikken. Janson vann Edvard-prisen for verket i 2008.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • Patrice Lumumba for piano, bass og trommer (1961)
  • November 1962, for piano (1962)
  • Vuggesang for sopran og 48 strykere (1963)
  • Konstruksjon og hymne for symfoniorkester (1963)
  • Kanon for kammerorkester og lydband (1965)
  • Tema for blanda kor, orgel, piano og slagverk (1966)
  • Nocturne for blanda kor, to celli og to slagverkgrupper (1967)
  • Mot solen ballettmusikk på bestilling frå Festspela i Bergen (1969)
  • Valse triste (1970) Kollasj over norsk kulturdebatt. [4]
  • Et fjelleventyr opera, skrive til Den Norske Opera (1973)
  • Forspill konsert for fiolin og orkester (1975)
  • Strykekvartett (1978)
  • Errotikk og Pollitikk (suite for blanda kor og orgel med rytmeboks, 1983) Tekst av Arild Nyquist.
  • Vinger for kor og ymse instrument (1983)
  • Mellomspill for orkester (1985)
  • Tre songar av Ebba Lindqvist for blanda kor (1986)
  • Nasjonalsang (1988)
  • Livsfrise for cello, kor og orkester (1999)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]