Alfred Maurstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alfred Maurstad
Alfred Maurstad.jpg
Fødd 26. juli 1896
Vågsøy
Død

5. september 1967
Noreg

Yrke skodespelar, filmregissør, manusforfattar, teaterskodespelar
Alfred Maurstad på Commons

Alfred Maurstad (26. juli 18965. september 1967) var ein norsk skodespelar, spelemann og regissør. Han vart fødd på Maurstad i Nordfjord.

Frå tidleg ungdom spela Alfred Maurstad til dans i Nordfjord, og gjorde fleire store konsertinnspelingar av norske slåttar med hardingfele. Han var ein av dei fyrste som spela hardingfele i norsk radio på 1920-talet. Og han var med i "Hardinfeletrioen" saman med Eivind Groven og Sigbjørn Bernhoft Osa.

Maurstad tok underoffisersskulen i Bergen. Han debuterte på Det Norske Teatret i 1920, og jobba på Nationaltheatret frå 1931. Han var sjef for Trøndelag Teater frå 1948 til 1950.

Maurstad spela hovudrolla i fleire suksessfilmar som Fant, Tørres Snørtevold og Gjest Baardsen.

Som skodespelar vart han legendarisk for tolkingane av hovudrollene i Ibsens Peer Gynt og Hans E. Kincks Driftekaren. I 1955 vann han Aamot-statuetten.

I feriane budde Alfred Maurstad på det vesle småbruket på Maurstad. Det vart sidan overteke av skodespelarsonen Toralv Maurstad (f. 1926). Alfred Maurstad er også far til skodespelar Mari Maurstad.

Alfred Maurstad var Kommandør av St. Olavs orden. I 1977 vart Maurstad-monumentet (av Arnold Haukeland) avduka i Maurstad-parken på Nordfjordeid.