Alfred Nilsen
Alfred Nilsen | |
Fødd | 28. desember 1892 |
---|---|
Død | 22. mars 1977 (84 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | politikar |
Verv | Ordførar i Tromsø 1937-1941 |
Føregangar | Nils Meland |
Etterfylgjar | Birger Motzfeldt |
Verv | Ordførar i Tromsø 1945 |
Føregangar | Jens Isak Kobro |
Etterfylgjar | Ingvald Jaklin |
Nils Alfred Nilsen (28. desember 1892–22. mars 1977) var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Tromsø, som 1950-53 representerte Venstre på Stortinget.
Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]
Nilsen var son til ein bygningsmann. Skuleåret 1911/12 gjekk han Statens håndverk- og kunstindustriskole i hovudstaden. I 1916 starta han opp ei målarforretning i heimbyen Tromsø, eit firma han dreiv til 1956, bortsett frå 1943-35, då han var tilsett ved den norske legasjonen i Stockholm. Jamsides målarverksemda var han frå 1919 til -65 lærar i fagteikning og yrkeslære ved ein såkalla tenknisk kveldsskule. Åra 1956-60 var han styrar av Nord-Troms yrkesskole.
Nilsen var medlem av bystyret i Tromsø i 42 år, frå 1922 til 1964. Han var ordførar i byen frå 1937 til han var avsett av okkupasjonsstyret i 1941, men fekk att ombodet for nokre månader i 1945.
Fram til hausten 1943 var han djupt involvert i etterretningsarbeid, og fekk sine oppdrag fra og rapporterte til Secret Intelligence Service (MI6) i London. Han hadde mellom anna hovudansvaret for å kartlegge forsvaret av Tirpitz før det vellukka angrepet med miniubåter i Altafjorden ("Operation Source"). I 1943 måtte han røma til Sverige og arbeidde ved Den norske legasjonen i Stockholm, med spesielt ansvar for etterretningsstasjonen «Kari» ved Leinavatn.[1] Fireårsperioden 1950-53 var Nilsen stortingsrepresentant frå kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark, det vil seie Bodø, Narvik, Tromsø, Hammerfest, Vardø og Vadsø. Han søkte attval til Stortinget hausten 1953, då frå fylkeskrinsen Troms, men korkje då eller i 1957 lukkast han å verte kome inn Tinget. Begge desse tingbolkane, 1954-57 og 1957-61 var han 1. vararepresentant for Troms. Han var medlem i Venstre sitt landsstyre frå 1950 til -58.
Nilsen var elles ei tid formann Tromsø Skiklubb og Troms skikrins. Han var også formann i Styret for Frimisjonen i Tromsø. Han forfatta boka Tromsø arbeiderforening 1853-1953 som kom ut til 100-årsfeiringa.
Må ikkje forvekslast med Alfred S. Nilsen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Boka «Secret Service-agent i Krigens Tromsø»