Alfred North Whitehead

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred North Whitehead

Fødd15. februar 1861
Ramsgate
Død30. desember 1947
Cambridge i Massachusetts
NasjonalitetStorbritannia
Områdelogikk, matematikk, vitskapsteori, metafysikk
Yrkefilosof, matematikar, fysikar, teolog, skribent, logikar
InstitusjonarHarvard University
University College London
Imperial College London
Alma materTrinity College i Cambridge
Sherborne School
University of Cambridge
DoktorgradsrettleiarEdward Routh
EktefelleEvelyn Ada Maud Rice Willoughby-Wade
BarnThomas North Whitehead
MedlemRoyal Society
American Academy of Arts and Sciences
A. N. Whitehead

Alfred North Whitehead (15. februar 186130. desember 1947) var ein engelsk filosof og matematikar. Han er særleg kjend som grunnleggar av den filosofiske retninga kjend som prosessfilosofi, som seinare har påverka ei mengd disiplinar som til dømes økologi, teologi, utdanning, fysikk, biologi, økonomi og psykologi.

Whitehead var i den fyrste tid mest oppteken av logikk og fysikk. Hans mest kjende verk på desse felta er det tre band store Principia Mathematica (1910–13), som han forfatta i lag med sin tidlegare elev Bertrand Russell. Principia Mathematica vert rekna som eit av dei viktigaste i det tjuande hundreåret om matematisk logikk.

Kringom 1920 vende Whitehead gradvis interessa over frå matematikk til vitskapsfilosofi, og til sist til metafysikk. Han utvikla eit omfattande metafysisk system som sterkt braut med det meste i vestleg filosofi. Whitehead hevda at røyndomen består av tilfelle og ikkje av materie, og at desse tilfella ikkje kan definerast lausrive frå dei sambanda dei har til andre tilfelle. Såleis avviste han ideen om at røyndomen er grunnleggande konstruert av materie-bitar som eksisterer uavhengig av kvarandre. I vår tid vert Whiteheads filosofiske verk, særleg Process and Reality, rekna som dei grunnleggande skriftene i prosessfilosofien. Whiteheads prosessfilosofi hevdar at “det er avgjerande å innsjå at verda er ein vev av internt samanhengande prosessar som vi er ein integrert del av, slik at at alle våre val og handlingar får fylgjer for verda i kring oss”.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1898: A Treatise on Universal Algebra with Applications. Cambridge Uni. Press. 1960 opptrykk, Hafner.
  • 1911: An Introduction to Mathematics. Oxford Univ. Press. 1990 hefta, ISBN 0-19-500211-3. Vol. 56 of the Great Books of the Western World series.
  • 1917: The Organization of Thought Educational and Scientific. Lippincott.
  • 1920: The Concept of Nature. Cambridge Uni. Press. 2004 hefta, Prometheus Books, ISBN 1-59102-214-2. Being the 1919 Tarner Lectures delivered at Trinity College.
  • 1922: The Principle of Relativity with Applications to Physical Science. Cambridge Uni. Press.
  • 1925 (1910–13) saman med Bertrand Russell: Principia Mathematica, i 3 bind. Cambridge Uni. Press. Bind. 1 til *56 er tilgjengeleg som hefta CUP-utgåver.
  • 1925a: Science and the Modern World. 1997 hefta, Free Press (Simon & Schuster), ISBN 0-684-83639-4. Vol. 55 of the Great Books of the Western World series.
  • 1925b (1919): An Enquiry Concerning the Principles of Natural Knowledge. Cambridge Uni. Press.
  • 1926: Religion in the Making. 1974, New American Library. 1996, med introduksjon av Judith A. Jones, Fordham Univ. Press.
  • 1927: Symbolism, Its Meaning and Effect. Barbour-Page-forelesningene frå 1927 gitt ved Universitet i Virginia. 1985 hefta, Fordham University Press.
  • 1929: Process and Reality: An Essay in Cosmology. 1979 korrigert utgåve, redigert av David Ray Griffin & Donald W. Sherburne, Free Press. (Part V. Final Interpretation)
  • 1929a: The Aims of Education and Other Essays. 1985 hefta, Free Press, ISBN 0-02-935180-4.
  • 1929b: Function of Reason. 1971 hefta, Beacon Press, ISBN 0-8070-1573-3.
  • 1933: Adventures of Ideas. 1967 hefta, Free Press, ISBN 0-02-935170-7.
  • 1934: Nature and Life. University of Chicago Press.
  • 1938: Modes of Thought. 1968 hefta, Free Press, ISBN 0-02-935210-X.
  • 1947: Essays in Science and Philosophy. Runes, Dagobert, red. Philosophical Library.
  • 1947: The Wit and Wisdom of Whitehead. Beacon Press.
  • 1951: «Mathematics and the Good» i: Schilpp, P. A., red., 1951: The Philosophy of Alfred North Whitehead, 2. utg. New York, Tudor Publishing Company: 666-81. Også trykt i:
    • i The Philosophy of Alfred North Whitehead, 1941, P. A. Schilpp, Ed.;
    • i Science & Philosophy; Philosophical Library, 1948.
  • 1953: A. N. Whitehead: An Anthology. Northrop, F.S.C., & Gross, M.W., red. Cambridge Univ. Press.
  • Price, Lucien, 1954: Dialogues of Alfred North Whitehead, med ein introduksjon ved sir Ross David. Gjenopptrykk 1977, Greenwood Press Reprint, ISBN 0-8371-9341-9, og 2001 med forord av Caldwell Titcomb, David R. Godine Publisher, ISBN 1-56792-129-9.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Alfred North Whitehead

Kjelder[endre | endre wikiteksten]