Alfred Ritscher
Alfred Ritscher | |
Fødd | 23. mai 1879 Bad Lauterberg im Harz |
---|---|
Død | 30. mars 1963 Hamburg |
Nasjonalitet | Tyskland |
Yrke | oppdagar |
Alfred Ritscher (fødd 23. mai 1879 i Bad Lauterberg, død 30. mars 1963 i Hamburg) var ein tysk polarutforskar. Som kaptein i den tyske marinen leia han den tyske antarktisekspedisjonen 1938–39. Ekspedisjonen kartla store delar av Dronning Maud Land som vart namngjeve Neuschwabenland.
Ritschertind og Ritscherflya i Dronning Maud Land er kalla opp etter han.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Alfred Ritscher» frå Wikipedia på bokmål, den 16. mars 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: