Alfred Schütz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Alfred Schütz (fødd 13. april 1899 i Wien, død 20. mai 1959) eller Schutz/Schuetz (i USA) var ein austerriksk-amerikansk jurist og sosialøkonom, men arbeidde òg som sosialfilosof og sosiolog. Schütz vart tidleg inspirert av Ludwig van Mises, [[Henri Bergson], Max Weber og Edmund Husserl og skreiv i 1932 avhandlinga «Den meiningsmetta oppbygginga av det sosiale livet» (ty. Der Sinnhafte Aufbau der sozialen Welt, sjå bibliografi). Husserl ønskte han som assistent ved Universitetet i Freiburg i Tyskland, men Schütz takka nei av familiære grunnar. Schütz hadde jødisk bakgrunn og flykta til Paris med heile familien og seinare til USA like før Den andre verdskrigen på grunn av jødeforfølginga i Austerrike etter Hitler-Tysklands overtaking (ty. Anschluss). Han arbeidde som rådgjevar i ulike bankar i Austerrike, Frankrike og USA før han gjekk over til ei professorstilling ved The New School for Social Research i New York dei siste åra av livet sitt (på full tid frå 1952). Under krigen hjelpte han andre flyktningar over til USA, mellom anna Hannah Arendt. Han var òg rådgjevar for den amerikanske regjeringa om banksystemet i Tyskland, noko som vart viktig for å byggje opp Tyskland etter krigen (jf. Barber).

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Som Husserl skreiv Schütz mykje, men publiserte lite. Han var «bankmann om dagen og filosof om natta» som Husserl sa om han. Først etter at han var død, vart mykje av det han skreiv gjeve ut, det viktigaste kanskje «Livsverdstrukturane» (ty. Die Strukturen der Lebenswelt) i to bind som vart redigert og fullført av Thomas Luckmann. Samla verk er gjeve ut på engelsk og tysk. Det meste var originalt skrive på tysk, i USA ein god del originalt på engelsk.

Generelt kan ein seie at Schütz arbeidde med fenomenologi og fenomenologisk orientert sosialfilosofi og er ein av grunnleggjarane av kunnskaps- eller vitenssosiologien. Han skreiv om ei rad emne innanfor sosial- og humanvitskapane: sosialøkonomi, vitskapsteori, musikksosiologi og litteratursosiologi. Schütz såg samanhengar mellom verka åt Franz Brentano (1838–1917), Edmund Husserl (1859-1938), Max Weber (1864–1920) og amerikansk pragmatisme, særleg William James (1842-1910), Georg H. Mead (1863–1931), John Dewey (1859–1952) og William I. Thomas (1863-1947).

Den fenomenologiske sosiologien til Schütz er følgt opp av mellom andre Peter Berger og Thomas Luckmann, jf. boka «The Social Construction of Reality» (1966) og i dagens Tyskland, særleg av Luckmann ved Universitetet i Konstanz og seinare av studentane hans igjen (Srubar, Endress, Knoblauch o.a.). Av amerikanske filosofar som har arbeidd med Schütz er særleg Maurice Natanson og Lester Embree, desse var òg studentar ved The New School. Sosiologiske retningar (mikrointeraksjonisme) som etnometodologi og symbolsk interaksjonisme fører òg mykje av tankegodset sitt attende til Schütz.

Schütz korresponderte mykje med andre forskarar. Livslang brevveksling med Eric Voegelin publisert i 2010. I USA gjekk Schütz inn i eit privat ordskifte med sosiologen Talcott Parsons (1902–1979), for Parsons sa òg at han var inspirert av Webers forståande sosiologi, men dei to tenkte på ulike måtar om dette. Dei skjønte snøgt at dei var grunnleggjande usamde om forståinga av samfunnet som struktur og system, teoriane som førte Parsons over i det som vart kalla strukturfunksjonalismen. Brevvekslinga mellom dei er redigert og gjeven ut (jf. bibliografien, Sprondel). Schütz meinte m.a. at ein ikkje kunne, som han meinte Parsons gjorde, sjå heilt bort frå det subjektive elementet i studiet av samfunnet, for samfunnet utviklar seg i ein vekselverknad mellom det vi kan kalle subjektive, objektive og intersubjektive element. Det subjektive i denne samanhengen er generell subjektivitet, ikkje individuell smak. Den tyske sosiologen Jürgen Habermas skreiv òg at han fekk vesentlege impulsar frå teoriane åt Schütz om livsverda (ty. Die Lebenswelt, eng. The Life World / Lifeworld). Uttrykket kjem frå Husserl (frå tida rundt 1900) om verda åt den naturlege innstillinga til livet (der ein høyrer songar, ikkje lydbølgjer o.l.). All kunnskap, òg den vitskaplege, kan i siste instans førast attende til livsverdskunnskapen og kvardagskunnskap.

I tillegg til «Livsverdstrukturane», er det av arbeida hans verd å merkje seg nokre originale essay:

  1. «Om dei mange verdene» eller »Dei mangfaldige realitetane» (On multiple realities): om kontrasten mellom ulike avgrensa meiningsunivers eller regionar, t.d. i draum, leik, teater, kino, vitskap, religion og kvardag.
  2. «Den framande» (The stranger): om å verte kjend med ein ny kultur, om det fleirkulturelle samfunnet og innvandring (Schütz var sjølv innvandrar til USA). Dette essayet er òg ein generell tolkingsteori.
  3. «Den heimkomne» (The homecomer): om det å vere lenge borte og kome heim med røynsler som gjer at dei heime ikkje skjønar deg, som soldatar etter ein krig (Schütz var sjølv soldat i Den første verdskrigen).
  4. «Den velinformerte borgaren» (The well-informed citizen): om kunnskapen den opplyste samfunnsmedlemen treng, det som korkje er ekspertkunnskap eller kunnskapsløyse.
  5. «Å spele saman» (Making music together): Schütz viser med døme frå samspel korleis sosial samhandling generelt vert konstituert, jf. utsegna «vi vert eldre saman», dvs. ein deler sosial tid (Schütz var sjølv ein habil pianospelar).

Han er òg kjend for ei rad sosialvitskaplege teoriar:

  • teorien om kulturvitskapane si dobbeltolking: samfunnsforskaren må tolke det som alt er tolka og fått meining hjå deltakarane i det sosiale livet
  • adekvatteorien: informantane må kunne skjøne kvifor sosiologen skildrar og forklarer samfunnet på den måten sosiologen gjer; det lyt vere adekvat for dei, t.d. typologien åt Weber er døme på slikt samsvar (karisma, byråkrat o.l.). Det er slik den sosiale og kulturelle verda vert bygd opp og forklaringane vil måtte byggje på den typologiserte kunnskapen åt deltakarane.
  • skilnaden mellom motiva «for å» (teleologisk kausalitet) og «av di» eller «fordi» (aitiologisk kausalitet)
  • tilhøvet mellom dei tre regionane: 1. dei samtidige (som er a) sambygdingar (eng. consociates) som du møter til dagleg eller kan gjere det, og b) alle andre som lever samstundes med deg, men som du aldri treffer), 2. forgjengarar og 3. etterkomarar. Vi handlar med og forstå desse på ulike måtar.
  • relevanssystemet som handlingsteori: korleis vi i kvardagen møter, skaper, vel ut eller får tildelt relevante tankar, vurderingar og handlingar, individuelt eller kollektivt
  • om det strukturerte kunnskapslageret av røynsler som vi er heilt avhengige av for å tolke ein situasjon
  • skjema og skjemaskifte i samhandling, ulike horisontar krev ulike handlingsmønster og vi har alle eit stort repertoar av slike, vi veit kva som verkar som om lag utan nøyaktige prosedyrar og oppskrifter (men vi har slike òg)
  • analysar av kvardagslivet generelt og kvardagslivet som er i ei overordna stilling generelt i konstitusjonen av samfunnet
  • religionsteoriar med i bakgrunn i Husserls teoriar om tre typar transcendensar: små, mellomstore og store. Det utviklar seg religionar i vid meining på bakgrunn av uttrykk for desse typane transcendens.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Verk om Schütz[endre | endre wikiteksten]

  • Barber, M. (2004). «The participating citizen. A biography of Alfred Schutz.» New York, State University of New York Press.
  • Endress, M. (2006). «Alfred Schütz». Klassiker der Wissenssoziologie; 3. Konstanz, UVK Verlagsgesellschaft.
  • Wagner, H. R. (1983). «Alfred Schutz: An Intellectual Biography.» Chicago and London, The University of Chicago Press.
  • Zahavi, D. and S. Overgaard (2005). «Fænomenologisk sociologi. Hverdagslivets subjekt.» I M. Hviid Jacobsen and S. Kristiansen (red.): «Hverdagslivet. Sociologier om det upåagtede.» København, Hans Reitzel.

Omsetjingar av Schütz[endre | endre wikiteksten]

  • Dansk: Schutz, A. (2005). «Hverdagslivets sociologi. En tekstsamling.» København, Hans Reitzels forlag.
  • Svensk: Schütz, A. (1999). «Den sociale världens fenomenologi». Göteborg, Daidalos.
  • Fransk: Schütz, A. (2008). «Le chercheur et le quotidien.» Paris, Klinksieck.

Verk av Schütz[endre | endre wikiteksten]

  • «Husserl and His Influence on Me.» Red. Lester Embree, The Annals of Phenomenological Sociology 2 (1977), 40-44.
  • «Alfred Schutz - Aron Gurwitsch: Briefwechsel 1939-1959.» Red. Richard Grathoff. Munich: Wilhelm Fink, 1985. Engelsk omsetjing: Philosophers in Exile: The Correspondence of Alfred Schutz and Aron Gurwitsch, 1939-1959. Oms. J. Claude Evans. Bloomington: Indiana University Press, 1989.
  • «Choice and the Social Sciences.» I «Life-World and Consciousness: Essays for Aron Gurwitsch». Red. Lester E. Embree, Evanston, IL: Northwestern University Press, 1972, 565-90.
  • Collected Papers, Vol. I, The Problem of Social Reality. Red. Maurice Natanson. The Hague: Martinus Nijhoff, 1962.
  • Collected Papers, Vol. II, Studies in Social Theory, Red. Arvid Brodersen, The Hague: Martinus Nijhoff, 1964.
  • Collected Papers, Vol. III, Studies in Phenomenological Philosophy. Red. Ilse Schutz. The Hague: Martinus Nijhoff, 1966.
  • Collected Papers, Vol. IV. Red. Helmut Wagner, George Psathas, og Fred Kersten, Dordrecht: Kluwer Academic Publishers, 1996.
  • «Positivistic Philosophy and the Actual Approach of Interpretative Social Science: An Ineditum of Alfred Schutz from Spring 1953.» Red. Lester Embree. Husserl Studies 14 (1997), 123-49.
  • «Reflections on the Problem of Relevance.» Red. Richard M. Zaner. New Haven: Yale University Press, 1970.
  • «Der sinnhafte Aufbau der sozialen Welt» [1932]. Frankfurt am Main: Suhrkamp Taschenbuch, 1974. Engelsk omsetjing: Phenomenology of the Social World. Oms. av George Walsh and Frederick Lehnert. Evanston, IL: Northwestern University Press, 1967.
  • Alfred Schütz. Talcott Parsons. Zur Theorie sozialen Handelns. Ein Briefwechsel. Herausgegeben und eingeleitet von Walter M. Sprondel. Frankfurt (Main): Suhrkamp, 1977. «The Theory of Social Action. The correspondence of Alfred Schutz and Talcott Parsons.» Red. Richard Grathoff. Bloomington: Indiana University Press, 1978.
  • «Die Strukturen der Lebenswelt», 2 bind, av Alfred Schutz og Thomas Luckmann. Neuwied: Luchterhand, 1975; Frankfurt am Main: Suhrkamp, 1953. Engelsk omsetjing: The Structures of the Lifeworld, Vol. I. Oms. av Richard M. Zaner and H. Tristram Engelhardt, Jr.; Vol. II. Oms. av Richard M. Zaner og David J. Parent. Evanston, Ill: Northwestern University Press, 1973, 1989.
  • Schütz, Alfred und Voegelin, Eric, 2004: «Eine Freundschaft, die ein Leben ausgehalten hat. Briefwechsel 1938-1959», gjeve ut av Gerhard Wagner und Gilbert Weiss. Konstanz: UVK (610 S.). Eng. oms. Schuetz, Alfred und Voegelin, Eric, 2010:« Lifeworld and Political Reality. Selected Correspondence 1938-1959», med Bill Petropolos. Columbia, London: University of Missouri Press.
  • «Werkausgabe». UVK Verlagsgesellschaft. Konstanz. Jf. http://www.uvk.de/asw/index.html

Shcütz-arkiv: http://www.waseda.jp/Schutz/AlfredEng.htm

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]