Alfred Vågnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Alfred Leonard Kristian Pettersen Vågnes (13. april 188012. oktober 1970) var ein norsk fiskar og politikar frå Tromsøysund i Troms. Han representerte FinnmarkStortinget i perioden 1945–49, vald for NKP.

Vågnes var son til ein gardbrukar og fiskar. Sjølv dreiv han fiskje frå han var 14 år gammal. Etter å ha budd nokre år i Tromsø, flytta han ei tid etter hundreårsskiftet til Honningsvåg i Finnmark. Her heldt fram som fiskar til 1936, då han fekk sekretær-stillinga i Finnmark Fiskarlag. Seinare arbeidde han mange år som sekretær i Norges Fiskarlag.

Frå 1917 til 1940 var Vågnes medlem i Kjelvik heradsstyre. Han var ordførar 1932-34 og varaordførar i fleire treårs-periodar. Nasjonalt var han landsstyremedlem i Det norske Arbeidarparti frå 1920, i 1921 representerte han partiet på Kominterns tredje kongress. Stortingsperioden 1922–24 var Vågnes vararepresentant på Stortinget. Då Det norske Arbeidarparti vart kløyvt hausten 1923 fylgde Vågnes utbrytarane som stifta Noregs Kommunistiske Parti. Han var formann i fylkeslaget til NKP i Finnmark frå 1926.

Hausten 1945 var Vågnes ein av 11 stortingsrepresentantar valde på Norges Kommunistiske Parti sitt program. Dei neste fire åra var han med i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]