Algerie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
الجمهورية الجزائرية الديمقراطية الشعبية


Al-Jumhūrīyah al-Jazā’irīyah ad-Dīmuqrāţīyah ash-Sha’bīyah
(norsk: Algerie, algerisk)

Det algeriske flagget Det algeriske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Kassaman»
Motto Revolusjonen av og for folket
Geografisk plassering av Algerie
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Alger
Styresett
Republikk
Abdelaziz Bouteflika
Abdelmalek Sellal
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
2 381 741 km² (10.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
35 406 303 (35.)
14,9 /km² (168.)
Sjølvstende
frå Frankrike
5. juli 1962
Nasjonaldag 1. november
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
254 700 mill. USD (46.)
7 400 USD (103.)
Valuta Algerisk dinar
Tidssone UTC +1
Telefonkode +213
Toppnivådomene .dz


Algerie (arabisk: الجزائر, tamazight: Dzayer) er den nest største staten i Afrika. Han ligg i Nord-Afrika med kyst mot Middelhavet og landegrenser mot Tunisia og Libya i aust, Niger og Mali i sør og Mauritania, Marokko og Vest-Sahara i vest. Det offisielle namnet er Den demokratiske folkerepublikken Algerie.[1] Landet er ein part av det området i Nord-Afrika mellom Middelhavet, Sahara og Atlanterhavet som har nemninga Maghreb.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Algerie var i perioden 1830 og fram til 1962 ein fransk koloni. Landet vart sjølvstendig 5. juli 1962 ved Evianavtala etter Algeriekrigen.

Forsvarsministeren Houari Boumedienne tok makta i eit statskupp 1965, og statleggjorde ein stor del av næringslivet. Landet orienterte seg mot Sovjetunionen. Boumedienne døydde i 1980. I 1991 vann det fundamentalistiske partiet FIS (Den Islamske Frelsesfronten) ein stor siger ved primærvalet, noko som førte til at hæren gjekk til åtak mot FIS og utsette det etterfylgjande valet. Etter dette var det konflikt mellom dei fundamentalistiske kreftene og staten kontinuerleg fram til 2000, då ulike militante grupper gav opp etter løfte om benåding. Dette gjaldt mellom anna FIS si væpna grein, Den Islamske Redningsarméen. Framleis finst små væpna grupper som gjennomfører isolerte åtak mot byar. Over 100 000 menneske er drepne sidan 1991.

Andre problem i Algerie er stor arbeidsløyse, mangel på bustader og at økonomien totalt er avhengig av olje.

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Algerie består av to naturgeografiske hovudreginar: kyst- og fjellsonen i nord, og Sahara i sør.

Innanfor den kring 1200 km lange middelhavskysten ligg eit utprega berglendt landskap. Det er berre ein smal og usamanhengande kystslette som skil Atlasfjella frå Middelhavet. Atlasfjella dannar tre parallelle system langs kysten. Nærast kysten ligg Tell-Atlas, der krystallinske massiv vekslar med steile og ville toppar bygd opp av kalkstein og andre sediment. Tell-Atlas er sterkt folda og oppbroten av kystlågland og dalføre, mellom anna det 350 km lange dalføret omkring Chelif Oued, som er den lengste elva i landet. Fjella når dei største høgdene sine i Kabylia med toppar nær 2000 moh.

Sør for Tell-Atlas finst eit belte av høgsletter, 400–1000 moh, opptil 160 km breie i vest og smalare mot aust. Høgslettene står i sterk kontrast til det fruktbare og tett folkesette Tell-Atlas. Karakteristisk er dei mange senkingane med avløpslause sumpar og saltsjøar, dei såkalla chott. Den største, Chott Ech Chergui, dekker eit areal på fleire tusen kvadratkilometer.

Mot sør endar høgslettene i Saharaatlas, som er bygd opp av kalk- og sandstein, og dannar mellom anna det mektige Aurèsmassivet som når 2328 moh med Djebel Chélia. Sør for Atlasfjella ligg Sahara, den største ørkenen i verda som består av fleire ulike landformer: sanddyner, steinplatåer og oasar. Lengst i søraust ligg det vulkanske Ahaggar-massivet der Tahat er det høgaste fjellet på 2908 moh.

Klima og miljø[endre | endre wikiteksten]

Kystområda av Algerie har eit typisk middelhavsklima med solrike og varme somrar, og kjøligare og meir regnfulle vintrar. I resten av landet sør for Atlasfjella ligg Sahara som er svært tørr og steikande varm.

Mest regn har ein langs Middelhavskysten og i dei høgare områda av Tell Atlasfjella, og nedbørsmengdene varierer frå 400 til 800 mm kvart år. Den våtaste perioden er mellom september og mai. Over 900 m kan nedbøren kome som snø, og snødekket kan ligge i fleire veker. Frå mai til september er vêret hovudsakleg varmt og solrikt.

Det mildaste vêret om vinteren har ein langs kysten, som òg slepp unna den verste sommarvarmen. Den tørre og varme siroccovinden frå sør kan derimot føre Saharavarmen nordover.

Platået Chott og delen av Atlasfjella som ligg i Sahara har eit meir ekstremt kontinentalklima med svært varme somrar og kaldare vintrar. Her kan ein få frost og snø om vinteren og nettene kan vere kalde, medan dagen er forholdsvis varm. Ein har lite nedbør, men mest nedbør kjem på hausten og om våren. Like sør for Atlasfjella har ein eit smalt belte med steppelandskap, og her kan ein få litt nedbør om vinteren. Biskra, som ligg her, har ein årleg nedbørsnormal på 159 mm.

Sahara er praktisk talt heilt tørr. Ein kan få regn no og då kortid som helst på året, men mengdene er så små og kjem med så ujamne mellomrom at ingen klimastatistikk fangar det opp. Heilt sør i Algerie kan ein derimot få litt regn frå juni til september når den intertropiske konvergenssona strekkjer seg lengst nord, men det er ikkje alltid det blir dei store mengdene ut av det.

I det søraustlege Algerie stig fjellet Hoggar opp til nesten 2700 m, og her kan ein få litt regn i løpet av året. Sommartemperaturen held seg høg, men nattetemperaturane er ofte meir behaglege, medan vinternettene kan vere kjølige med frost.

I fjella hender det at det er jordskjelv.

Nokre av Algerie sine miljøproblem er jorderosjon, utslepp av ureina avløpssvatn, ureiningar frå oljeraffineri samt at det er mangel på ferskvatn. Algerie har skrive under, men ikkje ratifisert avtala om forbod mot kjernevåpen. All elektrisitet vert produsert med fossile brensel.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Petroleumindustrien er den viktigaste næringa i Algerie, og svarar for 30 % av bruttonasjonalproduktet og over 95 % av eksportinntektene. Algerie har verdas femte største naturgass-reservar, og er verdas nest største eksportør av naturgass. Landet har verdas fjortande største reserve av olje. Regjeringa prøvar å få investeringar i andre bransjar, men landet har problem med ei høg arbeidsløyse og låg levestandard.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Algerie er inndelt i 48 provinsar:

Kart over Algerie

Kjende algeriarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Algerie
  1. Fransk: La République algérienne démocratique et populaire