Alhed Schou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alhed Schou
Fødd 7. juli 1849
Molde
Død

1920

Yrke skribent

Alhed Schou (7. juli 18491920) var ein norsk forfattar fødd i Molde.

Alhed Schou, fødd Alhed Petronelle Smith, gifta seg i 1867 med distriktslegen H.M.C. Schou, og budde i Førde frå 1876 til 1892. Ho blei enkje i 1890.

Schou skreiv fleire natur- og folkelivsskildringar. Ho bidrog med tekstar i norske blad som Morgenbladet, Urd, Folkevennen og Husmoderen. Schou skreiv også fleire bidrag til engelske blad, m.a. til Girls own paper (London, 1885), til Summer Number (1890), til Tourist Weekly News (Bergen-London, august 1892), Norwegian Club Year Book (London) og Beyers Weekly News (Bergen, 1905). Ho skreiv ei rettleiing for De Sandvigske samlinger (1905) og ein større kultur- og slektshistorisk monografi over Svanøen i Søndfjord (1912).

Schou opparbeidde seg også ei samling av bondeantikvitetar som enda på Holmenkollen Turisthotell, og som brann opp saman med hotellet. Nokre av gjenstandane er att og finst på Kunstindustrimuseet i Oslo og Sunnfjord Museum.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1905 – De Sandvigske samlinger (Kristiania) I fulltekst ved nb.no
  • 1906 – The Sandvig collections, Maihaugen, Lillehammer (Christiania)
  • 1912 – Sorenskriver Fredrik Steen in memoriam (Kristiania: Aschehoug)
  • 1912 – Svanøen i Søndfjord : billeder fra gamle dage (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1950 – Slekten Sverdrup : slektsoversikt, gamle brev, Alhed Schou's skildinger fra Rosøen og litt om Brodtkorb-slekten (Kristiansund: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no  [Forfattar: Olaf B. Sverdrup. Medforfattar: Alhed Schou]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Om Alhed Schou i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
Small Sketch of Owl.pngDenne artikkelen er heilt eller delvis basert på materiale frå Nordisk familjebok, Schou, Alhed, 1913.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]