Alhidaya Islamic Center

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

70°39′44″N 23°40′51″E / 70.66222°N 23.68083°E / 70.66222; 23.68083

Alhidaya Islamic Center
Andre namnHammerfest moské, Hammerfest Islamske Senter
Typemoské
Org.nummer990 946 957
Skipa2014
HovudkontorStorgata 27, 9600 Hammerfest

Alhidaya Islamic Center er ein moské i Hammerfest i Finnmark fylke. Moskéen er den største i Nord-Noreg.

Moskébygningen i Storgata var tidlegare kjend som Folkets Hus. Han har vore eigd av arbeidarrørsla sidan han vart bygd på 1950-talet, og har mellom anna vorte leigd ut til selskap og fest. Våren 2014 kjøpte Hammerfest Muslimske Senter bygget for 600 000 kroner.[1][2] Lokala vart pussa opp for oppimot 1,4 millionar kroner og moskéen opna september 2014.[3]

Det er også oppretta ein muslimsk gravplass i eit avgrensa hjørne av Fjordadalen gravlund ved Rypefjord i Hammerfest kommune.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Folkets hus i Hammerfest solgt billig – kjøper er fortsatt hemmelig». Nordlys. 10. mai 2014. Henta 4. august 2017. 
  2. «Her åpnes Nord-Norges største moské». ABC Nyheter. 11. august 2014. Henta 4. august 2017. 
  3. «Etablerer størst moskè i nord». Norsk rikskringkasting. 11. august 2014. Henta 4. august 2017. 
  4. «Får muslimsk gravplass». Finnmarken. 20. august 2014. Henta 4. august 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]