Ali Baba og dei førti røvarane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ali Baba overhøyrer røvarane frå eit tre.

Ali Baba og dei førti røvarane er eit eventyr frå Tusen og ei natt. Det blei lagt til samlinga på 1700-talet av den franske omsetjaren Antoine Galland, som hadde høyrd det frå den syriske forteljaren Hanna Diyab. Soga om Ali Baba er ei av dei best kjende sogene frå eventyrsamlinga, og er blitt gjenfortald og tilpassa ulike media, ofte for barn og med dei meir grusame delane skrivne om.

I den opphavlege versjonen er Ali Baba ein fattig vedhoggar som oppdagar løyndommen kring gøymestaden til nokre røvarar, og går inn dit ved hjelp av den magiske formuleringa «Sesam, sesam, lukk deg opp». Røvarane prøver å drepa Ali Baba som gjengjelding, men den trufaste slavejenta hans øydelegg for dei. Sonen til Ali Baba giftar seg med henne, og Ali Baba held på løyndommen om skatten.

Soga er blitt klassifisert som AT 676 i Aarne-Thompson-systemet.[1] Denne sogetypen er svært utbreidd.[2]

Teksthistorie[endre | endre wikiteksten]

Fyrsteutgåva av Les Mille et une Nuit av Antoine Galland med byrjinga av soga om Ali Baba.

Soga blei lagt til eventyrsamlinga Tusen og ei natt av ein av dei europeiske omsetjarane av verket, Antoine Galland, som kalla sine band Les Mille et Une Nuits (1704–1717). Galland var ein fransk orientalist som høyrde det fortald munnleg av ein syrisk maronittisk forteljar, Hanna Diyab, som var frå Aleppo og fortalde soga i Paris.[3] I alle høve er den franske versjonen til Galland den eldste nedskrivne utgåva av soga. Richard F. Burton tok henne med i tilleggsbanda (ikkje i hovudsamlinga) av si omsetjing, som han gav ut som The Book of the Thousand Nights and a Night i 1885.[4]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Cassim, bror til Ali Baba, fanga i hola. Måleri av Maxfield Parrish frå 1909.
Morgiana oppsøker skomakaren (skreddaren). Illustrasjon frå 1907.

Ali Baba og den eldre broren hans Cassim (også skrive Kasim) er sønene til ein kjøpmann. Etter at far deira døyr giftar den grådige Cassim seg med ei rik kvinne og blir ein velståande mann som byggjer vidare på faren si forretning. Ali Baba giftar seg med ei fattig kvinne og blir vedhoggar.

Ein dag er Ali Baba ute på arbeid i skogen då han tilfeldigvis blir vitne til at ei gruppe på 40 røvarar vitjar dei gøymde skattane sine. Desse er i ei hole som er stengd av ein stor stein. Han opnar seg om ein seiar dei magiske orda «sesam, sesam, opne deg», og blir stengd ved hjelp av dei magiske orda «sesam, sesam, lukk deg». Etter at røvarane er gått går Ali Baba inn i hola sjølv og tek ein einskild sekk med gullmyntar med seg heim.

Ali Baba og komna hans låner ei vekt av svigerinna for å vega skatten sin. Utan at dei veit det har kona til Cassim festa ein voksklump på vekta for å finna ut kva Ali Baba brukar henne til, sodan ho lurer på kva slags type korn han treng å vega. Ho blir overraska over å finna ein gullmynt som sit fast i voksen, og fortel om det til ektemannen. Ali Baba blir pressa av bror sin til å fortelja om gøymestaden. Cassim dreg til hola og tek med seg eit esel for å frakta med seg så mykje av skatten som mogleg. Han kjem seg inn i hola med dei magiske orda, men vel inne blir han overvelda av å sjå skatten, og gløymer korleis han skal koma seg ut att. Røvarane finn han der og drep han. Ali Baba dreg til hola for å leita etter broren, og finn han drepen og kvartert like ved inngangen, som ei åtvaring til andre mot å gå inn.

Ali Baba tek liket med seg heim og overlèt det til Morgiana, ei lur slavinne frå hushaldet til Cassim. Ho får i oppdrag å få andre til å tru at Cassim har døydd ein naturleg død. Først kjøper Morgiana medisinar frå eit apotek og fortalde han at Cassim er alvorleg sjuk. Deretter finn ho ein gammal skreddar kjend som Baba Mustafa som ho betaler, bind for auga og leiar til huset til Cassim. Der syr skreddaren bitane av kroppen til Cassim saman igjen i løpet av natta. Ali Baba og familien er i stand til å gi Cassim ei skikkeleg gravferd utan at nokon mistenker noko.

Røvarane oppdagar at liket er borte, og innser at ein annan person må kjenna løyndommen deira. Dei bestemmer seg for å finna han. Ein av tjuvane går inn til byen og støyter på Baba Mustafa, som fortel at han nettopp har sydd saman stykka av eit lik. Etter å ha innsett at den døde mannen må ha vore offeret deira, ber røvaren Baba Mustafa om ta han til huset der gjerninga blei utført. Skreddaren får bind for auga igjen, og i denne tilstanden klarer han å gå opp att vegen til huset. Røvaren markerer døra med eit symbol, slik at dei andre i gjengen kan koma tilbake om natta og drepa alle i huset. Men han er blitt sett av Morgiana som øydelegg planen ved å markera alle husa i nabolaget på same måte. Når dei 40 røvarane kjem tilbake den kvelden, kan dei ikkje identifisera det rette huset, og leiaren deira drep den mislykka røvaren i sinne. Dagen etter vitjar ein annan røvar Baba Mustafa og prøvar igjen. Dnne gongen blir eit lite steinstykke slått ut av steintrinnet ved inngangsdøra til Ali Baba. Igjen øydelegg Morgiana planen ved å laga liknande hakk i alle dei andre dørstokkane, og den andre røvaren blir òg drepen for fiaskoen sin. Til slutt går leiaren for røvarane og ser sjølv. Denne gangen hugsar han kvar detalj han kan om utsida av huset til Ali Baba.

Leiaren for røvarane let som om han er ein oljehandlar som treng husly frå Ali Baba. Han har med seg muldyr som ber 38 oljekrukker der ei av dei fylt med olje og dei andre 37 gøymer resten av røvarane. Røvarane planlegg å drepa Ali Baba om natta når han søv. Igjen klarer Morgiana å avsløra og øydeleggja planen ved å hella kokande olje over dei gøymde røvarane og drepa dei. Når leiaren kjem for å vekka mennene sine, finn han ut at alle er døde, og røymer. Neste morgong fortel Morgiana Ali Baba om kva som har hendt. Dei gravlegg røvarane, og Ali Baba viser takksemda si til Morgiana ved å frigjeva henne.

For å ta hemn etablerer røvarleiaren seg som ein kjøpmann og blir vener med sonen til Ali Baba, som har teke over forretningane til den avdøde Cassim. Han blir invitert til middag heime hjå Ali Baba. Han blir gjenkjend av Morgiana, som framfører ein sverddans med ein kniv som ho stikk i hjartet til røvaren når han ikkje er på vakt. Fyrst er Ali Baba sint på Morgiana, men når han finn ut at røvaren ville drepa han er han svært takknemlig. Morgiana blir løna ved å få gifta seg med sonen hans. Ali Baba er no att som den einaste som kjenner løyndommen om skatten i hola og korleis ein kan henta han.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Frå ei oppsetjing av opearen Ali Baba av Charles Lecocq frå 2014.

Lydinnspelingar og musikk[endre | endre wikiteksten]

  • Dick Bentley spelte Ali Baba i ei musikalsk dramatisering på Riverside Records (RLP 1451)/Golden Wonderland (GW 231).
  • Soga blei dramatisert for Tale Spinners for Children on United Artists Records (UAC 11018).
  • Anthony Quayle fortalde soga på Caedmon Records (TC 1251)/Fontana Records (SFL 14108).
  • Martyn Green fortalde soga på Arabian Nights' Entertainment (Riverside Records RLP 1405).
  • Bing Crosby fortalde og song ein versjon av soga for Simon & Schuster Records (A298:20)/Gala Records (GLP 351).
  • Bing Crosby fortalde og song soga 25. april 1957.[5] Dette kom ut som albumet Ali Baba and the Forty Thieves i 1957.
  • «Main Hoon Alibaba» er ein song frå den indiske filmen Char Chand frå 1953 av Talat Mehmood og Premlata. Han fortel om eventyra til Ali Baba.[6]
  • «Alibaba Alibaba» er ein song Asha Bhosle frå den indiske filmen Alibaba Aur 40 Chor frå 1966.
  • «Main Alibaba» er ein song av K. J. Yesudas frå filmen Alibaba Marjinaa frå 1977
  • «Alibaba Alibaba» er ein song om Alibaba og kjærleiken hans for Marjina av Suresh Wadkar og Kavita Krishnamurthy frå den indiske filmen Jeeo Aur Jeene Do frå 1982.
  • «Ali Baba Ali Baba» er ein song om ein tømmerhøggar av Runa Laila og Aadesh Shrivastava frå den indiske filmen Agneepath frå 1990.[7]
  • Supergrupppa Dark Lotus sitt album Tales from the Lotus Pod (2001) inneheld ein song kalla «Ali Baba». 
  • John Holt syng om ein draum han hadde om Ali Baba i songen sin «Ali Baba». 
  • På det fyrste sporet på Licensed to Ill, «Rhymin' & Steelin'», messer Beastie Boys «Ali Baba and the forty thieves».

Bøker og teikneseriar[endre | endre wikiteksten]

  • Tom Holt sin roman Open Sesame byggjer på figurane frå soga.
  • Figurane frå soga, Ali Baba, Cassim og Morgiana i tillegg til konseptet om dei førti røvarane opptrer i den japanske mangaserien Magi. I 2012 blei mangaen filmatisert som anime.

Teater og opera[endre | endre wikiteksten]

Poster for 40 Thieves ved Royal Lyceum Theatre i Edinburgh, 1886
Oscar Asche i Chu Chin Chow
  • Ali Baba (1833) er ein tragédie lyrique-opera av Luigi Cherubini
  • Ali Baba (1871) er ein opera av Giovanni Bottesini
  • 40 Thieves (1886) var ein pantomime ved Royal Lyceum Theatre i Edinburgh.
  • Ali-Baba (1887) er ein opéra comique med musikk av Charles Lecocq.
  • Soga er utbreidd i britiske pantomimespel. Eit døme på ein pantomimeversjon var pantomime-musikalen Chu Chin Chow (1916).
  • Badi-Bandar Rupkatha (বাঁদী-বান্দার রূপকথা) er ein bangladeshisk danseførestilling frå 2014 organisert av Srishti kultursenter og Nrityanchal. Fleire leiande bangladeshiske dansarar opptredde i stykket, som Shamim Ara Nipa og Shibli Sadiq.[8]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • Ali Baba et les quarante voleurs er ein kort stumfilm frå 1902 regissert av Ferdinand Zecca, kanskje den fyrste filmatiseringa av soga.
  • Alibaba and the Forty Thieves er ein indisk stumfilm frå 1927 av Bhagwati Prasad Mishra.[9]
  • Alibaba Aur Chalis Chor er ein indisk hindifilm frå 1932 av J.J. Madan.[9]
  • Alibaba er ein indisk fantasi-komedie på bengali frå 1937 av Modhu Bose, basert på Kshirodprasad Bidyabinod sitt Ali Baba-skodespel. Det har Bibhuti Ganguly i tittelrolla, Sadhana Bose som Marjina og Madhu Bose som antagonisten Abdullah.[9]
  • Ali Baba er ein indisk hindifilm frå 1940 av Mehboob Khan.[10][11] Filmen var tospråkleg, og blei laga på panjabi med tittelen Alibaba på same tid.[12] Surendra spelte både rolla som Ali Baba og sonen hans saman med Sardar Akhtar, Ghulam Mohammed og Wahidan Bai.[13]
  • Alibabavum 40 Thirudargalum er ein indisk komedie på tamil frå 1941 av K.S. Mani.
  • Ali Baba We El Arbeen Haramy (1942) er ein egyptisk film med Ali Al-Kassar som Ali Baba og komikaren Ismail Yasin som assistenten hans.
  • Ali Baba er ein indisk hindifilm frå 1945 av Nanubhai Vakil.[9]
  • Ali Baba et les quarante voleurs (1954) er ein fransk film med Fernandel og Samia Gamal.[14]
  • Alibaba Aur 40 Chor er ein indisk hindispråkleg fantasy-actionfilm frå 1954 regissert av Homi Wadia. Mahipal har tittelrolla og Shakila speler Marjina.
  • Son of Ali Baba er ein indisk hindispråkleg fantasyfilm frå 1955 av Majnu. Han tek for seg eventyra til Ali Baba sin son.[9]
  • Alibabavum 40 Thirudargalum er ein indisk tamilspråkleg fantasy-dramafilm frå 1956 av T. R. Sundaram med M. G. Ramachandran i tittelrolla.[15]
  • Kul Ja Sim Sim er ein indisk hindispråkleg actionfilm av Nanubhai Vakil frå 1956, med Mahipal og Shakila i hovudrollene. Han byrjar med at Ali Baba har teke skatten til røvarane og overvunne dei, men arrogansen hans veks og han byrjar bruka pengane på eiga nyting.[9]
  • Sim Sim Marjeena er ein indisk hindispråkleg fantasyfilm frå 1958 av Naren Dave, med Helen og Mahipal i hovudrollene.[9]
  • Aik Tha Alibaba er ein indisk hindispråkleg actionfilm frå 1963 av Harbans Singh.[9]
  • Sindbad Alibaba and Aladdin er ein indisk hindispråkleg musikal-fantasy-film frå 1965 av Prem Narayan Arora. Han har dei tre best kjende figurane frå Tusen og ei natt i rollene.
  • Ali Baba Bujang Lapok (1960) er ein malaysisk komedie som stort sett følgjer den opphavlege soga, men introduserer fleire anakronismar som humoristisk verkemiddel, til dømes ved å bruka ein bil i staden for eit esel for å stela skatten til røvarane.
  • Alibaba Aur 40 Chor er ein indisk hindispråkleg fantasy-film frå 1966 av Homi Wadia med Sanjeev Kumar i hovudrolla.
  • Ali Baba 40 Dongalu er ein indisk teluguspråkleg film frå 1970 av B. Vittalacharya. N.T. Rama Rao har tittelrolla og Jayalalitha speler Marjiana.[16][17]
  • Marjina Abdulla er ein indisk bengalispråkleg musikalfilm frå 1973 av Dinen Gupta.
  • Ali Baba ve Kırk Haramiler (1971) er ein tyrkisk film med Sadri Alışık i rolla som Ali Baba.
  • Alibabayum 41 Kallanmaarum er ein indisk malayalamspråkleg musikalfilm frå 1975 av J. Sasikumar, med Prem Nazir som Ali Baba.[18]
  • Ali Baba er ein indisk hindispråkleg action-fantasy-film frå 1976 av Mohammed Hussain.
  • Alibaba Marjinaa er ein indisk hindispråkleg action-eventyrfilm frå 1977 av Kedar Kapoor, starring med Prem Krishan som Alibaba og Tamanna som Marjinaa.
  • Adventures of Ali-Baba and the Forty Thieves er ein indisk-sovjetisk film frå 1980 regissert av Latif Faiziyev og Umesh Mehra. Dei indiske skodespelarane Dharmendra, Hema Malini og Zeenat Aman speler med russiske, kaukasiske og sentralasiatiske skodespelarar. Handlinga er noko endra frå soga for å gjera filmen lengre. Manuset blei skrive av Shanti Prakash Bakshi og Boris Saakov, musikken blei laga av R.D. Burman og koreografien var av P. L. Raj.[19][20][21] Filmen blei ein suksess både i India og Sovjetunionen.
  • Alibaba Aur 40 Chor er ein indisk hindispråkleg action-eventyrfilm frå 2004 av Sunil Agnihotri. Filmen set forteljinga i moderne tider med Alibaba (Arbaaz Khan) som ein helt som står imot lokale bandittar som har terrorisert landsbyen hans.[9]

Engelskspråklege filmar[endre | endre wikiteksten]

  • Ali Baba and the Forty Thieves (1944), laga oppatt som The Sword of Ali Baba (1965), har røvarane som fridomskjemparar mot mongolsk undertrykking med Ali Baba som leiar. Frank Puglia spelte Cassim i begge versjonane.
  • Ali Baba-soga var del av Inkheart (2008). Ein av dei 40 røvarane, Farid (spelt av Rafi Garven), blir henta ut frå forteljinga av Mortimer "Mo" Folchart.[treng kjelde]

Dataspel[endre | endre wikiteksten]

  • Ali Baba (1981) er eit dataspel av Quality Software.[22]
  • Ali Baba and 40 Thieves (1982) er eit arkadespel av Sega.[23]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Ved United States Air Force Academy hadde Cadet Squadron 40 opphavleg kallenamnet «Ali Baba and the Forty Thieves» før det blei endra til «P-40 Warhawks».[treng kjelde]

Nemninga «Ali Baba» blei ofte brukt som slangomgrep av amerikanske og irakiske soldatar under Irak-krigen om personar dei mistenkte for ulike brotsverk knytte til tjuveri.[24] Britiske soldatar nytta også omgrepet generelt om irakiske sivile.[25] I okkupasjonen som følgde blei det nytta om opprørarar.[26]

Irakarar nytta også nemninga «Ali Baba» om utanlandske soldatar dei mistenkte for å røva.[27]

Alibaba Group i Kina nytta dette namnet fordi det hadde universal appell.[28]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ashliman, D.L. (3. februar 2019). «Ali Baba and the Forty Thieves». University of Pittsburgh. Henta 27 September 2017. 
  2. Paulme, Denise. "Morphologie du conte africain". I: Cahiers d'études africaines, vol. 12, n°45, 1972. s. 153. [DOI: https://doi.org/10.3406/cea.1972.2775]; www.persee.fr/doc/cea_0008-0055_1972_num_12_45_2775
  3. Goodman, John (17 Dec 2017). Marvellous Thieves adds a new chapter to Arabian Nights - Paulo Lemos Horta gives 'secret authors' their due in his study of the World Literature classic. North Shore News.
  4. Burton, R. F. Supplemental Nights to the Book of the Thousand Nights and a Night with Notes Anthropological and Explanatory. III, fasc. 2. s. 369.  (n.)
  5. «A Bing Crosby Discography». BING magazine. International Club Crosby. Henta 4. oktober 2017. 
  6. «Char Chand». Gaana.com. 
  7. «Ali Baba Ali Baba - Agneepath» (på engelsk). Tips Official. 10. september 2020. 
  8. «Leading Dancers to Present Ali Baba». Cinema.com. Arkivert frå originalen 29. desember 2014. Henta 29. desember 2014. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 9,7 9,8 Rajadhyaksha, Ashish; Willemen, Paul (1999). Encyclopaedia of Indian cinema. British Film Institute. Henta 12 August 2012. 
  10. «Alibaba 1940». Henta 20. september 2014. 
  11. Ganesh Anantharaman (Januar 2008). Bollywood Melodies: A History of the Hindi Film Song. Penguin Books India. s. 228. ISBN 978-0-14-306340-7. 
  12. Sanjit Narwekar (1994). Directory of Indian film-makers and films. Flicks Books. ISBN 9780948911408. 
  13. «Alibaba 1940». Alan Goble. Arkivert frå originalen 4 March 2016. Henta 20 September 2014. 
  14. Spaas p.148
  15. Bali, Karan (2. januar 2015). «Tamil Nadu's trailblazing Modern Theatres studio spun romances, period dramas and colour films». Scroll.in. Arkivert frå originalen 6. september 2016. Henta 6. september 2016. 
  16. «Ali Baba 40 Dongalu (Banner)». Chitr.com. 
  17. «Ali Baba 40 Dongalu (Direction)». Filmiclub. 
  18. «Alibabayum 41 kallanmaarum». malayalasangeetham.info. Henta 6. oktober 2014. 
  19. Malhotra, A. P. S. (4 March 2017). «Alibaba Aur 40 Chor (1979)». The Hindu. Henta 11 May 2018. 
  20. The Illustrated Weekly of India, Volume 101, Issues 18-34
  21. «Приключения Али-Бабы и сорока разбойников – в Багдаде все спокойно». Nashfilm. Arkivert frå originalen 13 October 2007. Henta 13 October 2007. 
  22. Barton, Matt (23. februar 2007). «Part 2: The Golden Age (1985-1993)». The History of Computer Role-Playing Games. Gamasutra. Arkivert frå originalen 30. mars 2009. Henta 26. mars 2009. 
  23. Sega (1982), Internet Arcade: Ali Baba and 40 Thieves, henta 18. september 2021 
  24. Vasagar, Jeevan. «Court martial hears of drowned Iraqi's final moments». Henta 18 April 2007. 
  25. Norton-Taylor, Richard (21 September 2009). «Baha Mousa inquiry: 'rotten' UK military blamed for death in army camp». The Guardian. 
  26. Fumento, Michael. «Back to Falluja: The Iraqi Army versus the Keystone Kops insurgency». Henta 18 April 2007. 
  27. Levin, Jerry (3 May 2003). «Will The Real Ali Baba Please Stand Up». CPT. Arkivert frå originalen 11 April 2007. Henta 18 April 2007. 
  28. «Alibaba's IPO Filing: Everything You Need to Know - Digits - WSJ». blogs.wsj.com. 7 May 2014. Henta 11 July 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Ali Baba og dei førti røvarane