Alicja Szemplińska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alicja Szemplińska

Fødd29. april 2002 (21 år)
FødestadCiechanów
OpphavPolen
Aktiv2016–
Sjangerpop
Verka somsongar

Alicja Maria Szemplińska (fødd 29. april 2002) er ein polsk songar. Ho vart kjend i heimlandet gjennom sin deltaking i ulike songtevlingar, blant anna i 2019, då ho vann den tiande sesongen av The Voice of Poland. Året etter vann ho songtevlinga Szansa na sukces med songen «Empires». Gjennom sigeren skulle ho ha representert Polen i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Szemplińska vart fødd i Ciechanów i Polen. Ho starta å synga som barn og tok songtimar og opptredde med det lokale kyrkjekoret sitt. Som tolvåring byrja ho å ta profesjonell songundervising.[2][3] Som 14-åring i 2016 fekk ho merksemd då ho vann talentshowet Hit, Hit, Hurra! på tv-kanalen TVP2.[4]

I 2019 vann Szemplińska den tiande sesongen av The Voice of Poland – den polske versjonen av The Voice. Premien var ein platekontrakt med plateselskapet Universal Music Polska.[5] Same år gav ho ut debutsingelen «Prawie my» ('nesten oss').[6]

I februar 2020 deltok Szemplińska i talenttevlinga Szansa na sukces. Tevlinga vart dette året brukt som den nasjonale finalen til Polen til Eurovision Song Contest 2020. Szemplińska deltok med songen «Empires» og vann både jury- og telefonavrøystinga i finalen 23. februar. Gjennom sigeren vart ho og songen «Empires» det polske bidraget i Eurovision Song Contest, og skulle ha delteke i den andre semifinalen torsdag 14. mai 2020 i Rotterdam i Nederland.[7] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse tevlinga for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[8]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2019 – «Prawie my»
  • 2020 – «Empires»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. «Alicja Szemplińska: Nie wolno bać się dążyć do spełnienia marzeń» (på polsk). 24. desember 2019. Henta 24. februar 2020. 
  3. «Alicja Szemplińska: "Nie chcę zatrzymywać się na śpiewaniu coverów. Chcę pokazać coś swojego" - CGM.pl» (på polsk). 20. januar 2020. Henta 24. februar 2020. 
  4. «Hit Hit Hurra: kto wygrał finał 2016? Alicja Szemplińska zwyciężczynią» (på polsk). 10. desember 2016. Henta 24. februar 2020. 
  5. «„Jestem w szoku totalnym”. Pierwszy wywiad Alicji Szemplińskiej po wygranej w „The Voice of Poland”» (på polsk). Henta 24. februar 2020. 
  6. «alicja szemplińska prawie my» (på polsk). Henta 24. februar 2020. 
  7. «Poland goes with Alicja Szemplińska for Eurovision 2020». eurovision.tv. 23. februar 2020. Henta 24. februar 2020. 
  8. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.