Alicudi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alicudi
Alicudi og Filicudi
Alicudi og Filicudi
Geografi
Aeolian Islands map.png
Stad Tyrrenhavet
Koordinatar 38°32′45″N 14°21′00″EKoordinatar: 38°32′45″N 14°21′00″E
Øygruppe Dei eoliske øyane

Areal 5,2 km²

Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sicilia
Messina

Demografi
Folketal 120

Alicudi er den vestlegaste av Dei eoliske øyane. Ho ligg om lag 40 km vest for Lipari og har eit areal på 5,2 km². Ho er om lag sirkelforma.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya vart danna av den utdøydde vulkanen Montagnola for om lag 150 000 år sidan. Ein meiner at det siste utbrotet til vulkanen fann stad for om lag 28 000 år sidan.

Øya vart busett for så lenge sidan som 1600-talet f.Kr. og nokre arkeologiske funn frå denne perioden er funne. Ein kan framleis finne bitar av romersk keramikk frå seinare hundreår på austkysten av øya.

Det moderne namnet Alicudi er ei forvrenging av det greske namnet Ericusa (Ericaøya), som kjem frå planta kalla Erica, meir kjend som lyng, som framleis veks på øya. I mange hundreår herja sjørøvarane på Alicudi og innbyggjarane måtte søke tilflukt i små hus på høgtliggande terassar. Dette gjorde òg at enkelt jordbruk og dyrking av fersken danna grunnlaget for økonomien på øya.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I dag har øya rundt 120 innbyggjarar og dei fleste livnærer seg på fiske eller småjordbruk. Det er berre ein restaurant på øya og menyen er kraftig avhengig av kva fisk dei lokale innbyggjarane har fanga eller kva matvarer hydrofoilen tar med seg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Alicudi frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Ezio Giunta (2005). «Alicudi». Estateolie 2005 - The Essential Guide: 98–99.