Alison Goldfrapp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alison Goldfrapp

Goldfrapp på scenen i Oxford i 2010
Fødd13. mai 1966 (57 år)
FødestadLondon i England
FødenamnAlison Margaret Elizabeth Goldfrapp
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1989
Sjanger
Instrument
  • Vokal
  • piano
  • tamburin
  • synthesiser
Stemmetypesopran
Tilknytte artistarGoldfrapp
Plateselskap
Verka som
  • Musikar
  • songar
  • låtskrivar
  • plateprodusent
Sambuar medLisa Gunning

Alison Margaret Elizabeth Goldfrapp[2][3] (fødd 13. mai 1966) er ein engelsk musikar og plateprodusent, mest kjend som vokalist i den britiske electronica-duoen Goldfrapp.

Ho byrja karrieren i 1994 då ho song på Orbital-albumet Snivilisation og spelte inn dei to songane «The Good» og «The Bad» med trip reggae-gruppa Dreadzone.[4] I 1995 song ho med trip hop-artisten Tricky på songen «Pumpkin» og samarbeidde med Stefan Girardet på to songar for filmen The Confessional.

Goldfrapp møtte komponisten Will Gregory i 1999 og dei skipa Goldfrapp, som fekk kontrakt med Mute Records. Debutalbumet deira, Felt Mountain, kom ut i 2000.

I 2009 fekk ho ein æresdoktorgrad ved University of Portsmouth.[5]

Goldfrapp har gjeve ut sju album så langt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bishop, Tom (10. februar 2004). «Goldfrapp cherry-picked for Brit». BBC News. Henta 25. juli 2021. 
  2. «ASCAP ACE – Search Results». American Society of Composers, Authors and Publishers. Arkivert frå originalen 23. mai 2011. Henta 25. juli 2021. 
  3. «Master Search: TheGenealogist». www.thegenealogist.co.uk. Henta 25. juli 2021. 
  4. «Dread Zone* – Artist». Discogs. Henta 6. juli 2018. 
  5. «Honorary Graduates |». University of Portsmouth. Arkivert frå originalen 10. februar 2012. Henta 25. juli 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]