Alison Krauss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alison Krauss

Alison Krauss (fødd 23. juli 1971) er ein amerikansk bluegrass-songar og -felespelar. Ho er kvinneleg rekordhaldar i talet på Grammyprisar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Krauss vart fødd i Decatur i Illinois og voks oppp i Champaign.

Ho starta sine musikkstudium med klassisk fiolin i ein alder av fem, men hoppa snart over til bluegrassmusikken. I ein alder av åtte deltok ho i lokale talenttevlingar og som tiåring etablerte ho sitt eige band. 12 år gamal vann ho Illinois State Fiddle Championship og musikkorginasiasjonen Society for the Preservation of Bluegrass in America kalla ho den mest lovande felespelaren i Midtvesten. I 1987, då Krauss var 16 år gamal, kom debutplata hennar ut, Too Late To Cry. Denne utgjevinga vart etterfølgt av hennar første innspeling med bandet Union Station i 1989, Two Highways. På denne tida var bestninga Jeff White (gitar, lead og bakgrunnsvokal), John Pennell (bass) -- som skreiv mykje av Krauss sitt tidlege materiale, deriblant den kjende "Everytime You Say Goodbye" -- og Mark Harman (banjo og bakgrunnsvokal). Denne plata inneheldt mange tradisjonelle bluegrass-melodiar samt ei bluegrass-tolking av The Allman Brothers sin song "Midnight Rider".

Platekontrakten hennar gav føringar for ei soloinnspeling og deretter éi med Union Station, og slik heldt det fram. I 1990 lanserte ho I've Got That Old Feeling, som var eit soloalbum som gav henne eit breidare innpass i den meir folkelege countrymusikken. Ho spelte inn den første bluegrass-musikkvideoen (tittelsongen frå plata I've Got That Old Feeling) som vart spelt på Country Music Television (CMT). Låten «Steel Rails» fekk moderat speletid på country-radioen, og ein etterfølgjande video av denne singelen vart spelt på CMT i 1991. Besetninga i Union Station i 1990 inkluderte den kjende banjospelaren Alison Brown, Jeff White og bror hennar Viktor Krauss (bass). I've Got That Old Feeling vann Grammyprisen for beste bluegrass-innspeling. Denne innspelinga var med på å befeste posisjonen utanfor rein bluegrass. Krauss tok med trommer og piano, og saman med ein ein varm og mjuk vokal skilde dette seg frå den tradisjonelle bluegrassmusikken.

I 1992 kom Alison si andre Union Station-plate Everytime You Say Goodbye ut, me videoar frå tittelspora «New Fool» og «Heartstrings» som vart synt på CMT i 1993. Ein annan uvanleg coverversjon på denne plata var Shawn Colvins «I Don't Know Why». Besetninga i Union Station var på dette tidspunkt byrja å sette seg, med medlemer som Barry Bales (bass) og Ron Block (banjo, gitar, lead & backing vokal) med inn i gruppa. Adam Steffey kom til som vokalist og mandolist, og Tim Stafford vart gitarist og vokalist.

I 1993 vart Krauss den yngste deltakaren på radioshowet Grand Ole Opry nokon sinne. Ho var då 22 år gamal. Ho var den første bluegrassartisten i dette programmet på 29 år. I 1994 samarbeidde ho med orkesteret Cox Family på plata I Know Who Holds Tomorrow.

I 1995 hausta ho stor kommersiell suksess med plata Now That I Found You: A Collection, ei sampleplate med låtar frå andre artistar i tillegg til noko eige materiale. Denne plata synte ei breidde i musikken, noko meir enn den tradisjonelle bruegrassmusikken. Plata inneheld i jazztolking av Bad Company sin «Oh Atlanta», ein coverversjon av The Foundations sin song frå 60-talet, «Baby Now That I've Found You» og Beatles-låten «I Will» akkompagnert av banjo.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Different Strokes 1985
  • Too Late to Cry 1987
  • Two Highways 1989
  • I've Got That Old Feeling 1990
  • Every Time You Say Goodbye 1992
  • I Know Who Holds Tomorrow (with The Cox Family) 1994
  • Now That I've Found You: A Collection 1995
  • So Long So Wrong 1997
  • Forget About It 1999
  • New Favorite 2001
  • Live 2002
  • Lonely Runs Both Ways 2004
  • Raising Sand 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]