Alive Again av Chicago

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alive Again
Singel av Chicago
frå albumet Hot Streets
B-side «Love Was New»
Utgjeve Oktober 1978
Sjanger Disco/ hardrock
Lengd 3:32 (singel)
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) James Pankow
Produsent Phil Ramone & Chicago
Chicago-kronologi
«Take Me Back to Chicago»
(1978)
Alive Again «No Tell Lover»
(1978)


«Alive Again» er ein song skriven av James Pankow for gruppa Chicago og spelt inn for albumet deira Hot Streets (1978), med Peter Cetera på solovokal. Det var den første singelen frå albumet og han nådde 14. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100 chart.[1] I Canada låg «Alive Again» to veker på 11. plassen.[2]

«Alive Again» var den første singelen til Chicago etter dei avslutta samarbeidet med produsenten James William Guercio. Det var òg den første hitten deira etter dødsfallet til Terry Kath. Donnie Dacus spelte gitar på innspelinga.

Opningsriffet i songen vart nytta under klipp av høgdepunkt av NBA on CBS frå NBA-sesongane 1979 til 1981.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Canada RPM [3] 11
U.S. Billboard Hot 100 [4] 14
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 39
U.S. Cash Box Top 100 [5] 13

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Canada 114
U.S. Billboard Hot 100 [6] 104

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]