Aljaksandr Hljeb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aljaksandr Hljeb
Hleb At Underhill Stadium.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Аляксандр Паўлавіч Глеб
Aljaksandr Pawlavitsj Hljeb
Fødd 1. mai 1981
Fødestad Minsk
Høgd 185 cm
Posisjon Midtbane, ving
Klubbinformasjon
Noverande lag
Wolfsburg
Nummer 22
Ungdomsklubbar
1987-98
1998-99
Kviterussland Dynama Minsk
Kviterussland BATE
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999-2000
2000-05
2005-08
2008-
2009-10
2010-11
2011-
Kviterussland BATE
Tyskland Stuttgart
Flag of England.svg Arsenal
Spania Barcelona
Tyskland Stuttgart (lån)
Flag of England.svg Birmingham (lån)
Tyskland Wolfsburg (lån)
10 (4)
137 (13)
89 (7)
19 (0)
27 (0)
19 (0)
0 (0)
Landslag
2001- Kviterussland Kviterussland 55 (7)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 5. september 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 5. september 2010

Aljaksandr Pawlavitsj Hljeb (fødd 1. mai 1981 i Minsk) er ein kviterussisk fotballspelar som har spela for Wolfsburg i tysk Bundesliga på lån frå Barcelona, og for det kviterussiske landslaget.

Hljeb vart seriemeister i Kviterussland med BATE i 1999 og i Spania med Barcelona i 2009. Han var òg med på å vinna den europeiske Meisterligaen med Barcelona i 2009. Han har vorte kåra til årets kviterussiske fotballspelar seks gonger, i 2002, 2003, 2005, 2006, 2007 og 2008. Hljeb debuterte for Kviterussland sitt A-landslag i 2001 som innbytar i ein kamp mot Wales. Han skåra det første landslagsmålet sitt i april 2002 mot Ungarn. Han var landslagskaptein første gong 22. august 2007 i ein kamp mot Israel.

Bror hans, Vjatsjaslaw, har òg vore kviterussisk landslagsspelar i fotball.