Aljes Mikhaljevitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aljes Mikhaljevitsj

Statsborgarskap Sovjetunionen, Belarus
Fødd 15. mai 1975 (48 år)
Minsk
Yrke politikar, jurist
Politisk parti BNF-partiet
Medlem av Second convocation of the Coordination Council, Movement for Freedom
Aljes Mikhaljevitsj på Commons

Aljes (Aljaksiej Anatoljevitsj Mikhaljevitsj, belarusisk Алесь (Аляксей) Анатольевіч Міхалевіч, russisk Ales (Aleksej) Anatoljevitsj Mikhalevitsj (fødd 15. mai 1975 i Minsk) er ein belarusisk jurist og politikar. Han var uavhengig kandidat ved presidentvalet i Bellarus 19. desember 2010. Ifølgje dei offisielle resultata kom han på niande plass med 1,0 % av røystene, men valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. Mikhalevitsj vart arrestert etter å ha teke del i demonstrasjonar mot måten valet vart gjennomført på same kvelden, saman med fem av dei andre presidentkandidatane, og tiltalt for å ha "forårsaka masseuro". Menneskerettsorganisasjonen Amnesty International adopterte han som samvitsfange i januar 2011.[1] 19. februar 2011 vart han slept ut av fengselet. På ein pressekonferanse hevda han at han, og fleire av dei andre som vart arrestert etter presidentvalet, vart utsette for tortur medan dei var fengsla.[2] 24. mars 2011 melde russiske aviser at Mikhaljevitsj hadde fått innvilga asyl i Tsjekkia.[3] Belarusiske styresmaktar freista å etterlysa han gjennom Interpol, men Interpol avviste dette som politisk motivert. Mikhajlevitsj har i eksil jobba med å vekkja merksemd om politiske fangar i Belarus. I 2013 forsvarte han ein doktorgrad i statsvitskap ved Det polske vitskapsakademiet.

I 2015 vende han tilbake til Belarus. Han vart arrestert då han kom til Minsk, men vart kort tid etter sleptt laus att.

Han er gift og har to døtrer.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Belarus urged to free prisoners of conscience held after post-election protest" frå Amnesty International, på engelsk
  2. "Belarus 'tortured protesters in jail'" frå BBC News, på engelsk
  3. Кандидат в президенты получил убежище в Чехии frå Gazeta.ru, på russisk