All I Have To Do Is Dream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå All I Have to Do Is Dream)
All I Have to Do Is Dream
Singel av The Everly Brothers
B-side

«Claudette»

Språk engelsk
Utgjeve April 1958
Innspelt 6. mars 1958, RCA Studios, Nashville, Tennessee
Sjanger Rock 'n' roll
Lengd 2:17
Selskap Cadence Records 1348
Komponist Boudleaux Bryant
Tekstforfattar Boudleaux Bryant
Låtskrivar(ar) Felice and Boudleaux Bryant
The Everly Brothers-kronologi 
«This Little Girl of Mine»
(1958)
All I Have to Do Is Dream «Bird Dog»
(1958)


«All I Have to Do Is Dream» er ein popsong gjort populær av the Everly Brothers, og skriven av ekteparet Felice og Boudleaux Bryant,[1] som publiserte songen i 1958. Songen er rangert på 142. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Songen har strukturen AABA.[2]

The Everly Brothers-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Den klårt mest kjende versjonen av songen er spelt inn av The Everly Brothers[1] og gjeven ut som singel i april 1958. Han vart spelt inn på berre to forsøk den 6. mars 1958 med Chet Atkins på gitar. Det var den einaste singelen som låg på toppen av alle singellistene til Billboard samstundes, den 2. juni 1958. Han nådde først toppen av «Most played by Jockeys»-lista og «Top 100» den 19. mai 1958, og vart liggande der i høvesvis fem og tre veker. Songen enda opp på andreplass for heile året 1958. «All I Have to Do Is Dream» nådde toppen av R&B-lista[3] og vart den tredje Everly Brothers-singelen som toppa country-lista.[4] The Everly Brothers gjekk ei kort stund inn att på Hot 100 i 1961 med songen. Han gjekk inn på UK Singles Chart den 23. mai 1958, og nådde toppen av denne lista 11. juli, og vart liggande der i seks veker. Han låg i alt 21. veker.[5]

Songen er med på fleire lister over beste songar og lister, som Q si liste over dei 1001 beste songane gjennom tidene frå 2003, og han er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over 500 songar som forma rock and roll. I 2004 fekk songen Grammy Hall of Fame Award.

B-sida, «Claudette», vart den første store songen til Roy Orbison som låtskrivar, kalla opp etter kona hans.[6] Som følgje av dette enda han kontrakten sin med Sun Records og byrja å arbeide for forlaget til Everly, Acuff-Rose Music.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

All I Have to Do Is Dream
Singel av Richard Chamberlain
frå albumet Richard Chamberlain Sings
B-side

«Hi-Lili, Hi-Lo»

Språk engelsk
Utgjeve 1963
Sjanger jangle pop
Lengd 2:30
Selskap MGM
Komponist Boudleaux Bryant
Tekstforfattar Boudleaux Bryant
Låtskrivar(ar) Felice and Boudleaux Bryant
Richard Chamberlain-kronologi 
Love Me Tender
(1962)
All I Have to Do Is Dream I Will Love You / True Love
(1963)


Ein annan hitversjon av songen vart spelt inn av Richard Chamberlain i 1962 på albumet Richard Chamberlain Sings. Denne versjonen vart ein hit i 1963 og nådde 14. plassen på singellista i USA.

Andre hitversjonar av songen er mellom andre ein duett med Bobbie Gentry og Glen Campbell i 1969 (#27 U.S. pop, #6 U.S. country, #3 UK, #6 Euro Hit 50, #6 Sverige).

Nitty Gritty Dirt Band-sin versjon nådde 66. plassen på Billboard Hot 100 i 1975.

Cliff Richard, i lag med Phil Everly frå the Everly Brothers, nådde 14. plassen på den britiske singellista i 1994.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 The Everly Brothers intervjua på Pop Chronicles (1969)
  2. Covach, John (2005), «Form in Rock Music: A Primer», in Stein, Deborah, Engaging Music: Essays in Music Analysis, New York: Oxford University Press, p.70, ISBN 0-19-517010-5 .
  3. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 194. 
  4. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 117. 
  5. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 86–8. ISBN 1-904994-10-5. 
  6. Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 37–8. ISBN 0-85112-250-7. 
  7. «Exclusive - Elvis Costello - All I Have to Do Is Dream - The Colbert Report - Video Clip». Colbertnation.com. 4. november 2010. Henta 25. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]