All India Radio

From Wikipedia
Jump to navigation Jump to search
Muhammad Ali Jinnah fortel om skipinga av Pakistan på All India Radio 3. juni 1947.
Musikkopptak av den karnatiske musikaren Seetha Doraiswamy i 1950-åra.

All India Radio (AIR), sidan 1956 kjend på lufta som Akashvani, er ein statleg indisk radiokringkastar og ein del av det offentlege kringkastingsselskapet Prasar Bharati. AIR blei skipa i 1936. Han omfattar 414 radiostasjonar i India som til saman når rundt 99 % av indarar.[1]

Kringkastaren har ein nasjonal kanal som blir send til 65 % av India og når rundt 76 % av innbyggjarane. Programma på denne kanalen er på hindi, engelsk og urdu med noko musikk på andre indiske språk.[2]

Kringkastaren sender innanriksprogram på 23 språk og 146 dialektar, mens utanrikssendingane går på 17 indiske språk og ti internasjonale.[3]

Kjelder[edit | edit source]

  1. «All India Radio», allindiaradio.gov.in. Vitja 2. mars 2015
  2. «National Channel», allindiaradio.gov.in
  3. «About us», All India Radio.

Bakgrunnsstoff[edit | edit source]