All My Life

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«All My Life»
Singel av Alyona Lanskaya
Land Kviterussland
Språk Engelsk
Utgjeve 2012
Låtskrivar(ar) Leonid Shirin
«All My Life»
Eurovision Song Contest 2012
Land Kviterussland
Artist(ar) Alyona Lanskaya
Språk Engelsk
Komponist(ar) Leonid Shirin og Yuri Vashchuk
Låtskrivar(ar) Leonid Shirin
Resultat
Semifinalepoeng Diskvalifisert
Semifinaleplass Diskvalifisert
Kviterussland i Eurovision Song Contest
«I Love Belarus»
(2011)
«All My Life» «We Are The Heroes»
(2012)

«All My Life» (engelsk for Heile livet mitt) skulle vere det kviterussiske bidraget i Eurovision Song Contest 2012, framført av Alyona Lanskaya. Teksten er skriven på engelsk.

EuroFest 2012[endre | endre wikiteksten]

Songen deltok i semifinalen i Eurofest 2012 og gjekk vidare til finalen der han vann med 12 poeng frå sjåarane.

24. februar 2012 vart det kunngjord at songen vart diskvalifisert etter at den kviterussiske presidenten gjennomførte ei undersøking der dei fann at sigeren ikkje var rettferdig. Det var rykte om at produsentane hadde gjord slik at ho skulle få 12 poeng frå sjåarane. For å få svar på påstandane vart det sett i gang ei etterforsking og det vart seinare bekrefta at det var juksa med poenga frå sjåarane. I staden gjekk songen som kom på andreplass, «We Are The Heroes» av Litesound, vidare til den internasjonale finalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]