Allan Wells

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Allan Wells
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 3. mai 1952 (71 år)
Edinburgh
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1980

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Allan Wipper Wells (fødd 3. mai 1952) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Edinburgh som vart olympisk meister på 100 meter ved Sommar-OL 1980 i Moskva.

Wells siit gjennombrot kom så seint som i 1978. Han vann då både 100 m og 200 ved den britiske friidrettsmeisterskapen. I august same året vann han 200 m og vart andremann på 100 m under Samveldeleikane i Edmonton. Framgangen heldt fram i 1979, med sigeren på 200 m i Europacupen framfor verdsrekordhaldar Pietro Mennea som eit høgdepunkt.

Under dei olympiske sommarleikane i Moskva i 1980 sette Wells britisk rekord med 10,11 sekundar i semifinalane. Han vann så 100 meter-finalen i med minimal margin til favoritten, kubanaren Silvio Leonard. Begge fekk tida 10,25 sekundar, og det er sagt at Wells vann med åtte centimeter ved at han kroppen langt fram i finishen. Han tok seg også til finalen på 200 meter, der han vart slått i kampen om gullmedaljen av Pietro Mennea med to hundredels sekund og fekk sølv med britisk rekord på 20,21 sekundar.

I 1982 vann Wells så vel 100 m som 200 m då Samveldeleikane fann stad i Brisbane i Australia. På 100-meteren vart han i kraftig medvind klokka inn på 10,02, og vann med tre hundredels sekund på den framstormande kanadiaren Ben Johnson. Derimot kom han medaljelaus frå Friidretts-VM 1983. Han enda då som fjerdemann på begge sprintdistansane, høvesvis tre og eitt hundredels sekund bakom bronsevinnarane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1978 i Praha: Nr 6 på 100 m – 10,45 m
  • OL 1980 i Moskva: Gull på 100 m – 10,25, sølv på 200 m – 20,21, nr 4 i 4 x 100 m stafett
  • VM 1983 i Helsinki: Nr 4 både på 100 m – 10,25 og 200 m – 20,52
  • OL 1984 i Los Angeles: Utslått i semifinalane på 100 m (10,71 =nr 16) og nr 7 i 4 x 100 m stafett
  • EM 1986 i Stuttgart: Nr 5 både på 100 m – 10,24 og 200 m – 20,89

Kjelder[endre | endre wikiteksten]