Allan Zavod
| Allan Zavod | |||
| | |||
| Fødd | 16. oktober 1945 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Melbourne | ||
| Død | 29. november 2016 (71 år) | ||
| Dødsstad | Melbourne | ||
| Opphav | Australia | ||
| Aktiv | 1972–2016 | ||
| Sjanger | jazz-fusion | ||
| Instrument | piano | ||
| Tilknytte artistar | Glenn Miller Orchestra, Cab Calloway, Maynard Ferguson, Woody Herman | ||
| Verka som | Musikar, skodespelar | ||
| Prisar | Order of Australias medalje | ||
Allan Zavod (16. oktober 1945–29. november 2016) var ein australsk pianist, komponist, jazzmusikar og stundom dirigent som hovudsakleg hadde karrieren sin i Amerika.[1]

Zavod gjekk på Melbourne Conservatorium ved University of Melbourne i 1969. Han vart oppdaga av Duke Ellington, som fekk han over til Berklee College of Music i Boston – der Zavod seinare vart professor i musikk.
Zavod spelte med mange kjende musikarar som Duke Ellington, Cab Calloway, George Benson, Eric Clapton og Frank Zappa, i tillegg til australske musikarar som James Morrison, Kate Ceberano og Judith Durham. Han spelte for dei kongelege i Storbritannia og fleire statsleiarar.
Som filmkomponist skreiv Zavod musikk for over 30 filmar, mellom anna ein film med Eric Clapton.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Allan Zavod» frå Wikipedia på engelsk, den 23. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Allan Zavod's Website». Allanzavod.com. Henta 23. august 2014.