Hopp til innhald

Alle vegar fører til Rom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over romarvegar rundt Roma.

Alle vegar fører til Rom er eit gammalt ordspråk kjend frå fleire europeiske språk. Det har usikkert opphav.[1]

Det viser truleg til det vel utbygde romarvegsystemet som gjekk frå sentrum av Roma til alle deler av Romarriket i keisartida. Det kan også koma av at Roma blei rekna som sentrum for den kristne verda. Uttrykket finn ein mellom anna hjå Chaucer i 1391.[1]

Omgrepet «Alle vegar fører til Rom» kan òg brukast i situasjonar der ein meiner alle løysingar er like gode, eller alle framgangsmåter vil gje eit godt resultat.

  1. 1,0 1,1 «Alle veier fører til Rom». Store norske leksikon (på norsk). 17. februar 2016.