Allemannsretten
Hopp til navigering
Hopp til søk
Allemannsretten er retten til fri ferdsel og opphald i utmark, og noko ferdsel på innmark. Dette er ein rett som er ganske uvanleg elles i Europa, men som er hevdvunnen og lovfesta i Noreg, Sverige, Finland og delvis i Skottland.
Retten er basert på at ein respekterer naturen, og det er venta at alle som brukar han, viser omsyn til miljøet, grunneigarar og andre brukarar.
Allemannsretten og retten til privat land har alltid stått i motsetnad til kvarandre, og mange meiner at retten er truga av nyare norsk utvikling. Særleg på Sørlandet og langs Oslofjorden har ein opplevd at folk som eig strandtomter, gradvis avgrensar den frie ferdselen i strandsona.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Allemannsretten Direktoratet for naturforvaltning
- Brosjyre 2005 Allemannsretten på nynorsk
- www.lovdata.no Friluftsloven
- odin.dep.no Stortingsmelding 39 (2000-2001)
- www.miljostatus.no om sikring av allemannsretten
- Jedermannsrecht informasjon om allemannsretten i Noreg på tysk
- Om allemannsretten frå Høle barne- og ungdomsskule