Allen Collins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Allen Collins
Verkeleg namn Larkin Allen Collins jr.
Fødd 19. juli 1952(1952-07-19)
Jacksonville
Død

23. januar 1990 (37 år)
Jacksonville

Instrument

Gitar

Sjanger Southern rock
Aktive år 1964–1986
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar Lynyrd Skynyrd, The Rossington-Collins Band, The Allen Collins Band

Larkin Allen Collins Jr.[1][2] (19. juli 195223. januar 1990) var ein USA-amerkansk gitarist og ein av dei opphavlege medlemmane i southern rock-bandet Lynyrd Skynyrd. Han var med å skrive mange av songane til bandet i lag med Ronnie Van Zant.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Allen Collins vart med Skynyrd i Jacksonville i Florida berre to veker etter at bandet vart skipa av Ronnie Van Zant og Gary Rossington, i lag med Bob Burns og Larry Junstrom. Collins og songaren Ronnie Van Zant skreiv mange av dei største hittane til bandet, som «Free Bird», «Gimme Three Steps» og «That Smell». Bandet slo gjennom nasjonalt i starten av 1973 då dei var oppvarming for The Who Quadrophenia-turneen deira. Den 20. oktober 1977 styrta flyet som førte Lynyrd Skynyrd mellom to konsertar i ein skog i Mississippi og tok livet av tre bandmedlemmar, inkludert Van Zant. Collins vart alvorleg skadd i styrten, mellom anna i høgrearmen som vart tilrådd å amputerast. Faren til Collins nekta og han vart omsider frisk att.

I 1980-åra fortsette Collins å spele med The Rossington-Collins Band til moderat suksess. Like før dette bandet slo gjennom vart Collins igjen råka av ein tragedie. Kona hans, Kathy, døydde brått av store blødningar under ein spontanabort. Rossington-Collins Band vart oppløyst i 1982. Collins starta så Allen Collins Band, som gav ut albumet Here, There & Back i 1983. I 1987 valte Collins og manager-faren hans å starte opp att Lynyrd Skynyrd med dei attlevande medlemmane i bandet.

Den 29. januar 1986 var Collins involvert i ei bilulukke[3] der kjærasten hans, Debra Jean Watts, mista livet. Collins sjølv vart lam frå livet og ned, medan han hadde avgrensa rørsle i armane og hendene. Han kom aldri til å spele gitar på scenen igjen, men var med på den første konserten til bandet etter dei starta opp att, men berre som musikalsk leiar. Collins døydde 23. januar 1990 av kronisk lungebetennelse som han fekk av lamminga si. Han vart gravlagde ved sidan av kona si i Jacksonville i Florida. I 2006 vart Collins posthumt innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Lynyrd Skynyrd.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Lynyrd Skynyrd
Rossington-Collins Band
Allen Collins Band
  • Here, There, and Back (1983)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brant 2002, s. 18
  2. Odom 2002, s. 34
  3. «Woman Killed, Rock Musikar Injured In One-Car Accident». Associated Press. 1986-01-30. Henta 14. september 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]