Allen Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Allen Johnson
Allen Johnson 2007.jpg
Fødd 1. mars 1971
Washington
Yrke friidrettsutøvar
Allen Johnson på Commons

Allen Kenneth Johnson (fødd 1. mars 1971) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Washington, D.C., som spesialiserte seg på 110 meter hekk. Han vart verdsmeister i øvinga fire gongar i tida 1995-2003, og olympisk meister i 1996.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Johnson vann 60 meter hekk ved innandørs-VM 1995 i Barcelona på tida 7,47. Seinare same året sette han personleg rekord med 12,98 sekundar på 110 m hekk, og vart så verdsmeister på 110 m hekk då han i Göteborg sprang på 13,00. Året etter vann han gullmedaljen i same øvinga under sommarleikane i Atlanta på ny olympisk rekord, 12,95. Elles i OL-sesongen forbetra han den personlege rekorden til 12,92 sekundar, ein hundredels sekund bak Colin Jackson sin verdsrekord, ei tid han oppnådde både i Atlanta i juni (før OL) og i Brussel i august.

Under VM 1997 i Aten forsvarte Johnson meistertittelen på 110 meter hekk då han vann på tida 12,93. Dei neste sesongane vart han utan medaljar, i 1999 vart slått ut i kvartfinalane i Sevilla-VM og i dei olympiske leikane 2000 i Sydney enda han på fjerdeplass.

I 2001 tok Johnson sitt tredje VM-gull på 110 meter hekk, 0,03 sekund føre Anier García frå Cuba. To år seinare vann Johnson 60 meter hekk i innandørs-VM i Birmingham, ein prestasjon han kopierte i Budapest i 2004. Sommaren 2003 forsvarte Johnson ein VM-tittel på 110 m hekk for andre gong, vinnartida 13,12 sekundar var den svakaste han vann eit VM-gull med.

Under Sommar-OL 2004 i Aten snubla Johnson i ein hekk under kvartfinalen og braut tevlinga. Ved verdsmeisterskapen i Helsinki i 2005 fekk han bronsemedaljen, med tida 13,10 kom han inn tett bakom Ladji Doucouré på 13,07 og Liu Xiang på 13,08. Hausten 2006 sprang han for ellevte gong under 13 sekundar på 110 m hekk, då han i Aten vart klokka inn på 12,96 sekundar. Johnsons siste meisterskap var innandørs-VM 2008 i Valencia, der han vart andremann på 60 m hekk etter Liu.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]