Hopp til innhald

Allier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For elva med same namn, sjå elva Allier.
Allier
Fransk departement
Symbol
Land  Frankrike
Region Auvergne
Nummer 03
Areal 7 340 km²
Folketal 333 298 (1. januar 2023)
Folketettleik 47 / km²
Kart
Allier
46°20′00″N 3°10′00″E / 46.333333333333°N 3.1666666666667°E / 46.333333333333; 3.1666666666667
Kart som viser Allier.
Kart som viser Allier.
Kart som viser Allier.
Wikimedia Commons: Allier

Allier (oksitansk Alèir) er eit departement sør i sentrale område av Frankrike kalla opp etter elva med same namn.

Allier er ein av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta under den franske revolusjonen den 4. mars 1790. Han vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Auvergne og Bourbonnais.

I 1940 valde Philippe Pétain og Vichy-regimet byen Vichy som hovudstad.

Departementet ligg i regionen Auvergne og er omringa av dei franske departementa Cher, Nièvre, Saône-et-Loire, Loire, Puy-de-Dôme og Creuse.

Følgjande elvar renn gjennom Allier:

Allier er det mest produktive jordbruksområdet i Auvergne. Vichy har lenge vore kjend for vatnet sitt, som vert eksportert til heile verda.

Montluçon, Vichy og Moulins er dei største byane. Resten av departementet består av mindre byar, hovudsakleg langs elvane. Departementet er generelt tynt folkesett. Folkesetnaden auka fram til slutten av 1800-talet på grunn av vekst i industrien i Montluçon og Moulins og utviklinga av varmekjeldene i Vichy. På denne tida hadde departementet over 420 000 innbyggjarar. Etter tap under den første verdskrigen stagnerte folkeveksten, bortsett frå ei lita auke i 1960-åra. Sidan den gong har folketalet minka litt frå 386 533 i 1968 til 344 721 i 1999.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Allier