Allmennaksjelova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Allmennaksjelova (Lov om allmennaksjeselskaper) er lov av 13. juni 1997 nr 45, som har reglar om allmennaksjeselskap.

Allmennaksjelova skal ikkje forvekslast med Aksjelova, Lov om aksjeselskaper, lova av 13. juni 1997 nr 44. Almennaksjelova gjeld for aksjeselskap som i vedtektene kallar seg eit allmennaksjeselskap, og som har ein aksjekapital på minst kr 1.000.000.

Den vanlege aksjelova gjeld for dei aksjeselskapa som ikkje er omfatta av allmennaksjelova. Desse vanlege mindre aksjeselskapa må ha ein aksjekapital på minst kr 100.000.

Dei to lovene er for det meste heilt like, men med nokre strengare reglar for allmenaksjeselskapa.

Dei to lovene avløyste tidlegare aksjelover, den siste av 4. juni 1976 nr 59. Dei to nye lovene vart iverksett (trådde i kraft) 1. januar 1999.

Dei to aksjelovene gjeld begge for selskap der ingen av deltakarane har ansvar for selskapet sine forpliktelsar, udelt eller for delar som til saman utgjer selskapet sine samla forpliktelsar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]